Kringkasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Radiokringkasting ved Tulane University i New Orleans.
Kringkastingstårnet Torre de Collserola i Barcelona.

Kringkasting er ei sams nemning for utsending av av informasjon ved hjelp av radiosignal til mange mottakarar.

Døme på kringkasting er:

Om ordet kringkasting[endre | endre wikiteksten]

Ordet «kringkasting» kjem av engelsk «broadcasting». Fram til godt ut i 1920-åra vart den engelske nemninga mykje nytta. Etter kvart kom spørsmålet opp om kva broadcasting skulle heita på norsk. Avisa Aftenposten sitt radiobilag, Radio-Nyt, utlyste ei namnekonkurranse ved juletider 1922. Fleire hundre kreative framlegg kom inn. Mellom framlegga kan nemnast «braadkasting», «vidkasting», «rundkasting», «kringmelding», «kringljoming», «radiofon», «rundtelefonering» og «allemannslyd». Aftenposten valde «rundtelefonering» som det beste framlegget. Etter kvart kom trass i dette «kringkasting» meir og meir i bruk. Telegrafdirektør Niels Nickelsen (1871-1956) er rekna som mannen bak ordet, og det vart nytta innan Telegrafverket.

Nye omgrep[endre | endre wikiteksten]

Dei siste åra har nye tenester for distrubusjon av lyd og bilete dukka opp. Desse spinn ut frå internett.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dahl, Hans Fredrik, Hallo-Hallo! : kringkastingen i Norge 1920-1940, Cappelen, Oslo, 1999. ISBN 82-02-18478-9