Kringkastingsrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ for NRK.

Rådet har til oppgåve å drøfte og uttale seg om hovudlinene i NRK si programverksemd, både innan radio og TV. Dei kan også gje råd i administrative og økonomiske saker. Sakene rådet handsamar kan kome både frå kringkastingssjefen og frå NRK sine sjåarar og lyttarar. Rådet blir slik sett også ein klageinstans. Dei kan også handsame saker som rådet sjølv meiner bør takast opp.

Kringkastingsrådet har møte 8–10 gongar i året. Rådet har 14 medlemmar, med personlege vararepresentantar. 8 av medlemmane blir oppnemnde av Stortinget, 6 av Kongen i statsråd. Eitt av dei 8 medlemmane Stortinget oppnemner er leiar for Samisk Programråd.

For perioden 2010-2013 er leiar for Kringkastingsrådet May-Helen Molvær Grimstad.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]