Kris Allen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kris Allen

Fødd21. juni 1985
FødestadConway i Arkansas i USA
FødenamnKristopher Neil Allen
AliasKris Allen
OpphavUSA
Verka somSongar

Kristopher Neil Allen, kjend som Kris Allen (fødd 21. juni 1985) er ein amerikansk songar og vinnar av American Idol 2009.

I 2007 gav han ut debutalbumet Brand New Shoes. I 2009 kom det sjølvtitulerte oppfølgeralbumet Kris Allen. Albumet selde 80 000 kopiar i USA den fyrste veka, 118 000 mindre enn albumet For Your Entertainment til Adam Lambert, som Allen slo i finalen i American Idol.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Album
  • 2007: Brand New Shoes
  • 2009: Kris Allen