Krisjna-djanmasjtami

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krisjnastatue med opphengde frukter i ei sørindisk feiring av sridjayanthi.

Krisjna-djanmasjtami er ei hinduhøgtid der ein feirar på fødselsdagen til guden Krisjna, ein avatar av Visjnu. Feiringa fell på den 8. dagen i den mørke halvdelen av månaden sjravana. I den vestlege kalenderen vil dette som regel vera mellom midten av august og midten av september.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Ein kan innleia høgtida med ein faste den sjuande og ei nattevake til minne om den farefulle fødselen til Krisjna, som onkelen ville drepa, før han blei teken til tryggleik hjå ein fosterfamilie i Gokula. Ved midnatt kan ein ta helgenbildet til barnet Krisjna, vaska det og leggja det i ei vogge, og utføra árti, ei særskild tilbeding.

Ei govinda-gruppe prøver å slå sund dravlekrukka.

Om morgonen teiknar kvinner bakkemønster av barneføter som leier mot huset og tempelrommet der, for å visa Krisjna vegen inn. Teikningane kan òg vera eit symbol på at han kom inn i fosterheimen.

I Maharashtra er høgdepunktet for dagen at grupper av unggutar, kalla govinda, lager menneskepyramidar som prøver å slå sund ei høgthengande krukke fylt med flytande dravle. I følgje ei rekkje soger var Krisjna svært glad i som barn.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Høgtida har ei rekkje namn som varierer mellom dei ulike regionane og kastene. Ho kan heita djanmasjtami, som tyder 'fødsel-åttande' eller variantar som krisjnadjanmasjtami eller govindasjtami. Sridjayanti eller srikrisjna djayanti, der siste ordet tyder 'årsdag', er også vanlege namn. Nemninga gokulasjtami viser til staden Krisjna blei fostra opp medan 'asjtami rohini', som viser til stjerna han blei fødd under (Aldebaran). I Nordvest-India kan ein kalla høgtida saatam aatham, 'sjuande åttande', fordi ein feirar begge desse datoane. I Maharashtra er ho kjend som dahi handi, 'dravle-krukke'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]