Kristen Nygaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristen Nygaard

Kristen Nygaard (27. august 192610. august 2002) var ein norsk informatikar og politikar. Han vart fødd og døydde i Oslo. Saman med Ole-Johan Dahl fann han opp objektorientert programmering (OOP) på 1960-talet. Denne forma for programmering har påverka seinare programmeringsspråk.

Nygaard blei cand.real. med matematikk som hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1956. Han var æresdoktor ved ei rekkje utanlandske universitet, og var kommandør av St. Olavs Orden.

Nygaard var kanskje mest kjend utanfor IT-miljøet som EU-motstandar. Han var leiar for Nei til EU fram mot folkerøystinga om EU-medlemsskap i 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]