Kristi Samfunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den Reorganiserte Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage eller Kristi Samfunn er den nest største kyrkja av Siste Dagars Heilage (mormonarane). Ein oppgjev at ho har omkring 250 000 medlemmer i omkring 40 land. Hovudkvarteret ligg i Independence i Missouri.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter Joseph Smith sin død var det usemje om kven som skulle overta leiinga. Fleirtalet av mormonarane følgde Brigham Young, som leidde dei til det som no er Utah. Men nokre vart verande att i Illinois, inkludert nokre av dei nære slektningane til Smith.

I 1850-åra stod det fram ei gruppe som meinte at sonen Joseph Smith, med same namn som han, var den rette til å overta etter faren. Han var berre 11 år da faren vart myrda. Da han voks opp, vart han leiaren for den gruppa som danna den reorganiserte kyrkja i april 1860. Mora hans støtta danninga av kyrkja, men det er usikkert om ho verkeleg var rekna som eit formelt medlem.

Smith døydde i 1914. Året etter vart sonen hans, Frederick Madison Smith, godteken som den neste leiaren. Han vart etterfølgd av broren, Israel A. Smith, som igjen vart etterfølgd av ein tredje bror, W. Wallace Smith. Han vart etterfølgd av sonen sin, Wallace B. Smith. Etter han kom den første som ikkje høyrde til familien, W. Grant McMurray.

I 2001 skifta kyrkja formelt namn til Kristi Samfunn (Community of Christ).

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei som danna kyrkja, godtok ikkje polygami. Dei nekta for at Joseph Smith forkynte og praktiserte polygami. Dei forkasta mange av dei læresetningane som Utah-kyrkja representerte og hevda at det ikkje var i tråd med den opphavlege læra. Dei eig også tempelet i Kirtland i Ohio. Det vart gjeve til dei i 1880, etter ei rettssak.

Kyrkja har eit syn på Gud som liknar meir på det som er vanleg for kristne. Kyrkja forkastar dåp til fordel for avdøde, i tillegg til mange av dei andre seremoniane som Utah-kyrkja praktiserer.

Kyrkja har i den seinare tida byrja å følgje ein meir liberal teologi. Kyrkja har for eksempel godteke kvinnelege prestar sidan 1984. Dette har ført til at nokre har brote ut av kyrkja og danna The Restoration Church of the Latter Day Saints og The Remnant Church of the Latter Day Saints.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]