Kristian Dick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Dick
Fødd11. januar 1861
Død20. april 1908 (47 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Kristian Kato Elisa Dick (11. januar 186120. april 1908) var ein norsk offiser, skuleleiar og stortingsmann, fødd i Aukra. Han var medlem av Venstre.

Dick var son til ein sokneprest. Sjølv gjekk han krigsskulen 1876-80 og på høgskulen 1882-84. Frå 1880 var han sekondløytnant, tilsett i artilleribrigaden i 1886. I 1889 vart han lærar ved Skiensfjordens mekaniske fagskole, og var styrar og leiar av skulen frå 1891.

Dick var medlem av bystyret i Skien frå 1898 og av forlikskommisjonen frå 1902. Han var Porsgrunn sin varamann til Stortinget 1900-03, møtte i 1901 frå 15. mars og i 1903 frå 16. mai, begge gongane var han medlem av tollkomiteen. Fast representant frå same krinsen for perioden 1906-09, då han var medlem av militærkomiteen.

Han døydde i 1908 i Kristiania, midt i valbolken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]