Kristian IV av Danmark-Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

(Omdirigert frå Kristian IV)
Gå til: navigering, søk
Christian IV Kristian IV
Kristian IV måla av Pieter Isaacsz 1611-1616
Kristian IV måla av Pieter Isaacsz 1611-1616
Norsk konge: 1588-1648
Dansk konge: 1588-1648
Valspråk: Fromhet styrker riket
Etterfylgde Frederik II
Vart etterfylgd av: Frederik III
Fødedato: 1577
Fødestad:
Dødsdato: 28. februar 1648
Dødsstad: Rosenborg slott i Danmark
Gift med: Anna Kathrine
Born: 24 born

Kristian IV (på dansk Christian IV) eller Kristian Kvart (òg skrive «Quart»), var son av kong Fredrik II av Danmark-Norge og dronning Sofie av Mecklenburg, og tilhøyrde den oldenborgske slekta. Kristian IV var konge av Danmark-Norge frå 1588 til 1648. Kristian var knappe elleve år då faren døydde. Difor utnemnde det danske riksrådet ei formyndarregjering som vart sett saman av fire riksrådsmedlemer. Fyrst i 1596 vart Kristian krona til konge. Formelt var Kristian IV konge i 60 år, i røynda berre i 52 år. Han fekk i alt 24 born, seks av desse fekk han med Anna Cathrine av Brandenburg som han gifta seg med i 1597. Mellom desse borna var den framtidige kongen, Fredrik III av Danmark-Norge.

Allereie før dronninga døydde i 1612 hadde kongen innleia eit forhold til Kristen Madsdatter, som han fekk eit barn med. Kort tid etter vart Karen Andersdatter kongen si nye elskarinne. Med henne fekk Kristian tre born. Kongen fekk tolv born med Kirsten Munk, som han var «gift med til venstre hånd», mellom anna Leonora Christina, som allereie i ein alder av 15 år vart gift med den namnkunnige Corfitz Ulfeldt. Kongen og Kirsten sitt mangeårige og stormfulle forhold enda med at han skulda henne for utruskap og for å forsøkja å forgifta han, og han lét seg skilja frå henne. Etter 1629 levde Kristian saman med Vibeke Kruse, som han fekk to born med.

Kristian IV er i Noreg kjend som grunnleggjar av byen Christianssand eller Kristiansand, grunnlagd 1641. Konningsberg (Kongsberg) vart grunnlagt av Kristian IV i 1624 etter at det var funne sylv der året før. Då Oslo brann, flytta han byen nærare Akershus festning. I 1624 fekk Oslo namnet Christiania. Kristian IV er rekna å vera den av dei dansk-norske kongane som hadde mest interesse for Noreg. Mellom anna føretok han ei reise heilt nord til Finnmark for å markera riksgrensa i nord. Kristian den fjerdes norske lov er eit sett med lover som kongen lét gjelda for Noreg frå den 4. desember 1604.

Statue av Kristian IV i Kristiansand
Statue av Kristian IV i Kristiansand

Kristian IV døydde den 28. februar 1648Rosenborg slott i Danmark og vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje. Han vart etterfylgd av sonen Fredrik III.

Kristian IV sine born med dronning Anna Cathrine:

Kristian IV sitt barn med Kirsten Madsdatter:

Kristian IV sine born med Karen Andersdatter:

Kristian IV sine born med Kirsten Munk:

Kristian IV sine born med Vibeke Kruse:


[endre] Sjå òg

Commons har multimedia som gjeld: Kristian IV av Danmark-Norge
Personlege verktøy