Kristian IV av Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristian IV
Kristian IV av Danmark, malning av Pieter Isaacsz 1611-1616.jpg
Konge av Danmark-Noreg
Regjeringstid 1588-1648
Fødd 12. april 1577
Fødestad Frederiksborg slott i Danmark
Død 28. februar 1648 (70 år)
Dødsstad Rosenborg slott
Føregjengar Fredrik II
Etterfølgjar Fredrik III
Koner Anna Kathrine av Brandenburg
Kirsten Munk
Motto REGNA FIRMAT PIETAS
(Fromhed styrker rigerne).
Far Fredrik II av Danmark-Noreg
Mor Sophie av Mecklenburg

Kristian IV (12. april 157728. februar 1648), eller Kristian Kvart, var konge av Danmark-Noreg og hertug av Slesvig-Holstein frå 1588 til 1648.

Kristian var son av Fredrik II av Danmark-Noreg og Sophie av Mecklenburg, og høyrde til oldenburg-slekta. Han var knappe elleve år då faren døydde. Difor utnemnde det danske riksrådet ei formyndarregjering som vart sett saman av fire riksrådsmedlemmar under leiing av Niels Kaas. Formelt var Kristian IV konge i 60 år, i røynda berre i 52 år.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Frå kroningsfesten 29. august 1596. På teikninga ser ein Kristian i kroningsprosesjonen med krona på hovudet. Etter Karel van Manders tapet, teikna av F.C. Lund

Kristian blei fødd på Frederiksborg slott og døypt i Vor Frue kirke i København 2. juni same år. Kongefamilien nytta høvet til å feire i to veker både på slottet og i byen.[1] Som skikken var tok besteforeldra - Ulrik av Mecklenburg-Schwerin og Elisabeth av Danmark - med seg guten til fostring.

Etter to år blei han henta heim att og Fredrik fekk han valt som etterfølgjaren sin på herredagen i Odense i april 1580.[1] Valet blei stadfesta i Noreg to år seinare uten at prinsen var til stades.

Skolegangen hans starta i 1583 då han fekk Hans Mikkelsen som lærar. Skrivebøkene hans er tatt vare på og gjennom dei kan ein sjå noko av opplæringa tronarvingen fekk. Han fekk undervisning i skjønnskrift, fleire språk; han snakka og skreiv dansk, tysk og latin og kunne gjera seg forstått på fransk, spansk og italiensk.[2] Han fekk og opplæring i andre fag; matematikk, geometri, teikning og bygningskonstruksjon. Vidare fekk han undervisning i musikk og ymse idrettar som ballspel, fekting og dans i tillegg til historie, rettslære og krigskunst.[2][3]

Delar av undervisninga gjekk føre seg i ei lita klasse med Kristian og utvalde born frå adelen. Fredrik II fatta bestemde avgjerder kring utdanninga.

Fyrst i 1596 vart Kristian krona til konge. Sjølve kroninga fann sted i Vor Frue kirke og blei leia av biskopen av Sjælland Peder Jensen Vinstrup.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Den eldre Kristian IV måla av Karel van Mander. Kongen har på seg kniplingskrage, ring i øyret og har tidsriktig frisyre med tynn sideflette, ei såkalla polsk flette, pynta med ei sløyfe. Kongen blei måla i profil etter at han mista eller skada det eine auga under slaget på Kolberger Heide i 1644.
Portrettsamlinga på Frederiksborg slott.
Kristian IV i riddarsalen på Københavns slott. På dagen då den utvalte prinsen Kristian gifta seg, 5. oktober 1634, blei 12 adelsmenn slagne til riddarar i den gamle riddarsalen på Københavns slott. Stikket er ei samtidig skildring og er den einaste skildringa av interiøret på Københavns slott som ein kjenner til. Frå boka: Memoirer og breve, av Julius Clausen og P.Fr.Rist: Det store bilager i Kjøbenhavn 1634, med Charles Ogier:Det store bilager i Kjøbenhavn 1634. Gyldendalske boghandel, Nordisk forlag, 1914.
Kristian IV til hest saman med arkitekt Hans van Steenwinckel den yngre og med Rosenborg slott i bakgrunnen. Måleri av Karel van Mander
Kristian IV og Anna Kathrine på eit måleri som blei måla som to portrett og sett saman. Kongen er måla av Pieter Isaacsz rundt 1612
Den udvalgte prins Christian på eit måleri av Karel van Mander frå 1642. Christian var tronarving, men døydde eit halvår før far sin, sumaren 1647.

Økonomisk førte Kristian ein merkantilistisk politikk meir gunstig for Danmark enn Noreg. Ved å setje grenser for marknaden med høge tollmurar batt han nordmennene til dyrt dansk korn i staden for billig baltisk, samstundes som danskane kunne kjøpe norsk metall (blant anna kopar) til ein lågare pris. På denne tida delte han ut handelsmonopol til kjøpstader. Han oppretta det islandske, det grønlandske og det danske ostindiakompaniet og i 1616 tok han over kolonien Trankebar i India. Kongen hadde ambisjonar om å gjere Danmark-Noreg til Nord-Europas sterkaste makt politisk, økonomisk og militært. Like fullt hadde han store problem med å halde fast den danske leiarstillinga i Norden etter at Sverige hadde starta ein ekspansiv politikk. Den dansk-norske flåten blei kraftig rusta opp og i hovudsak med norsk mannskap, men hæren var ikkje jambyrdig med den svenske bondehæren og måtte i staden basere seg på dyre tyske leiesoldatar i stor mengde. Kalmarkrigen i 1611–1613, som frå dansk side i stor grad blei ført med leigetroppar, førte ikkje til noko resultat.

I 1619 sendte kongen Jens Munk av stad med fregatten «Enhjørningen» og jakta «Lamprenen» for å finne sjøvegen til India og Kina nord for Canada. Før avreisa tala kongen sjølv under ei gudsteneste i Holmens kirke til dei 64 mennene som skulle reise. Ekspedisjonen var ein del av planane om å kunne ta kontroll over de arktiske sunda både i nordaust og nordvest og på dette viset sikra seg tilgang til rikdommane i India og Kina.

Trass motstand frå Riksrådet førde han i 1625 Danmark inn i den tyske religionskrigen, Trettiårskrigen, ei handling som enda med fiasko og ei periode med okkupasjon og plyndring av Jylland.

Under Torstenson-krigen i 1643 rykte troppane til den svenske generalen Lennart Torstenson opp gjennom Jylland, som nå for andre gong på tjue år blei okkupert. Under slaget på Kolberger Heide i 1644 skadde den 67 år gamle Christian synet på det eine auge då ei svensk kule trefte ein kanon på det danske flaggskipet «Trefoldigheden».

Krigen enda med eit nederlag og i fredsslutninga i Brömsebro tok den danske dominansen i Norden slutt og Kristian IV måtte i større utstrekning rette seg etter Riksrådet.

Reiser[endre | endre wikiteksten]

Kristian hadde stor tiltakslyst og dette gav seg blant anna utslag i mange reiser. Han var i Noreg mellom 25 og 30 gonger og er rekna å vera den av dei dansk-norske kongane som hadde mest interesse for Noreg. Dei fleste reisene gjekk til Oslofjordregionen, Båhuslen og Agder, og han grunnla Christianssand i 1641. Han var òg fire gonger i Bergen, den eine gongen i samband med ei reise langs heile den vestlege og nordlege norskekysten heilt til Kolahalvøya i 1599. Reisa vert gjort for å markera riksgrensa i nord, og var avgjerande for å verje det nordlege Noreg mot svensk ekspansjon på denne tida og halde Finnmark og Nord-Troms på dansk-norske hender. På dette toktet reiste han inkognito som Christian Frederiksen.[4]

Byggherre og bygrunnleggjar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om regjeringstida hans var prega av militære nederlag og økonomisk tilbakegang framstår Kristian IV som ein av dei fremste kongane i Danmark og Noregs historie.[5][5] Det skuldast ikkje minst alle byane han grunnla: Christianshavn, Christianstad i Skåne og Christianopel i Blekinge, Glückstadt i Holstein, Christianssand og Konningsberg (Kongsberg) i Noreg. Kongsberg vart grunnlagt i 1624 etter at det var funne sylv der året før. Då Oslo brann, flytta han byen nærare Akershus festning. I 1624 fekk Oslo namnet Christiania. Byene er reist etter renessansetidas ideal kor gatene ligg vinkelrett mot kvarandre.

Kristian den fjerdes norske lov er eit sett med lover som kongen lét gjelda for Noreg frå den 4. desember 1604.

I København fekk han reist vakre bygningar som Børsen, Holmens kirke, Rosenborg slott, Regensen, Trinitatis kirke med Rundetårn, som skulle tene som observatorium, Nyboder, Proviantgården, Tøjhuset og Bryggerhuset. Han bygde og om Frederiksborg slott ved Hillerød til eit vakkert renessanseslott.

Kristian IV døydde den 28. februar 1648Rosenborg slott og vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje først 18. november.[6]. Han vart etterfylgd av sonen Fredrik III.

Ekteskap og born[endre | endre wikiteksten]

Kristian fekk i alt 24 born, seks av desse fekk han med Anna Kathrine av Brandenburg som han gifta seg med i 1597. Mellom dei var den framtidige kongen, Fredrik III av Danmark-Noreg.

Allereie før dronninga døydde i 1612 hadde kongen innleia eit forhold til Kristen Madsdatter, som han fekk eit barn med. Kort tid etter vart Karen Andersdatter kongen si nye elskarinne. Med henne fekk Kristian tre born.

Kongen fekk tolv born med Kirsten Munk, som han var gift med til venstre hand. Kongen og Kirsten sitt mangeårige og stormfulle forhold enda med at han skulda henne for utruskap og for å freiste å forgifta han, og han lét seg skilja frå henne. Etter 1629 levde Kristian saman med Vibeke Kruse, som han fekk to born med. Då Kristian døydde låg ho sjølv alvorleg sjuk i rommet ved sidan av. Corfitz Ulfeldt fekk henne eigenhendig kasta ut og ho døydde kort tid etter for så å bli gravlagd i ei umerka grav utanfor vollene.[7]

Kristian IVs barn med dronning Kathrine:

  • Frederik – 15. august 1599–9. september 1599
  • Christian den udvalgte prins Christian 1603
  • Sofie – 4. januar 1605–7. september 1605
  • Elisabeth – 16. mars 1606–24 oktober 1608
  • Fredrik 1609 (seinare Frederik III)
  • Ulrik 1611

Kristian IVs barn med Kirsten Madsdatter:

Kristian IVs barn med Karen Andersdatter:

Kristian IVs barn med Kirsten Munk:

Kristian IVs barn med Vibeke Kruse:

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Af Guds Nåde Konge af Danmark og Norge, de Venders og Gothers, Hertug udi Slesvig, Holsten, Stormarn og Ditmarsken, Greve udi Oldenburg og Delmenhorst.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Langslet side 27
  2. 2,0 2,1 Langslet side 30
  3. Langslet side 31
  4. Rune Blix Hagen: Christian 4.s dristige sjøreise til det ytterste nord i 1599
  5. 5,0 5,1 Langslet side 13
  6. Øystein Rian: Christian 4 i Norsk biografisk leksikon
  7. Vibeke Kruse frå Dansk Kvindebiografsik Leksikon

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Roar Langslet: Christian IV : konge av Danmark og Norge, 1997. som E-bok
  • Steffen Heiberg (2006): Christian 4. - en europæisk statsmand. Gyldendal, København (dansk). ISBN 87-02-04328-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kristian IV av Danmark-Noreg

Stamtavle[endre | endre wikiteksten]

Kristian IV av Danmark-Noregs stamtavle i tre ledd

Kristian IV av Danmark-Noreg

Far:
Fredrik II
Farfar:
Kristian III
Farfars far:
Fredrik I
Farfars mor:
Anna av Brandenburg
Farmor:
Dorothea av Sachsen-Lauenburg
Farmors far:
Magnus I av Sachsen-Lauenburg
Farmors mor:
Kathrine av Braunschweig-Wolfenbüttel
Mor:
Sophie av Mecklenburg
Morfar:
Ulrik III av Mecklenburg-Güstrow
Morfars far:
Albrecht VI av Mecklenburg
Morfars mor:
Anna av Brandenburg
Mormor:
Elisabeth av Danmark
Mormors far:
Fredrik I
Mormors mor:
Sophie av Pommern