Kristian den fjerdes norske lov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kristian IVs norske lov)

Kristian den fjerdes norske lov var eit sett med lover som kong Kristian IV av Danmark-Noreg lét gjelda for Noreg frå den 4. desember 1604. Lova er i hovudsak ei omsetjing til dansk språk av Magnus Lagabøters landslov av 1274. Landslova kan igjen førast attende til Gulatingslova. Lova var gjeldande rett i Noreg i 80 år, men Kristian den femtes norske lov førte vidare mykje av dei same lovene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]