Kristian Lofthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Lofthus
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1750
Risør kommune
Død

13. juni 1797 (47 år)
Akershus festning

Yrke bonde

Kristian Jenssøn Lofthus (død 1797) var ein framståande bonde frå Lillesand i Nedenes amt, i dag Aust-Agder. Han vart ståande som hovudmannen bak Lofthusreisinga.

Lofthus vart offentleg kjend i 1786, då han som ung bonde hadde teke over farsgarden Lofthus i Vestre Moland. På denne tida vart han vald av sambygdingane som sendemann til kongen i København, for å klage inn ei skattlegging av allmenta i amtet som dei meinte var svært urettvis. Forutan skattlegginga galdt klagen kjøpmennene i dei kringliggjande byane, som dreiv ei monopolverksemd som gjekk ut over næringane i bygdene innanfor. Det var lagt store avgifter på innføringa av korn, og mykje av pengane gjekk til kjøpmennene i Kristiansand og Arendal. Resultatet var at bøndene lenger inne i landet vart påført store gjeldsbyrder.

Lofthus vart send til kongen med ein skriftleg klage på vegner av bøndene, men for å føre saka så riktig som mogleg, gjorde han eit grundig førearbeid og reiste omkring i heile amtet for å samle klagemål. Med tida førte dette han i konflikt med embetsmennene, som åtvara mot han. Arbeidet til Lofthus førte etterkvart til folkereising og væpning. Prestane tok til å åtvare mot han frå preikestolane, og andre embetsmenn byrja å spreie pamflettar mot han, og skulde han for å drive politisk arbeid til fordel for Sverige.

Etterkvart som konflikten vart hardare, prøvde myndigheitene å arrestere Lofthus, men bøndene stilte opp for han. Han vart etterkvart likevel gripen, og send til Frederiksvern, og deretter til Drøbak. Med tida vart han sett i forvaring på Akershus festning. Dei som greip Lofthus fekk kongeleg påskjøning, medan Lofthus fekk straffarbeid på livstid. Han døydde etter ti års fangenskap på festninga. Lofthus-saka vart handsama av juristen Enevold Falsen, far til Eidsvoldsmannen Christian Magnus Falsen.

Patriotar i samtida var ikkje seine om å hylle Kristian Lofthus som ein martyr for bøndene si sak, og Lofthus-saka vart ein nasjonal symbolsak i åra som følgde fram mot 1814.

Resultatet av opprøret som Kristian Lofthus leidde var ikkje så stort. Bøndene vart i utgangspunktet høyrd, men dei viktigaste punkta i klagesakene vart ikkje gjennomføre. Hans Smith, som var både sorenskrivar og eigar av Frolands verk, heldt embetet, men måtte seie frå seg løna for embetet. Verket heldt også rett på kolleveransar til låge prisar, sjølv om dei vart justert noko.

I eit personleg brev til ein ætting i Fjære finn ein ein av dei fyrste kjende tankar mellom norske bønder om at Noreg kunne fungere som ein eigen stat.

Det er usikkert om Lofthus eigentleg var bonde. Han var også skipsreiar. Det var Lofthus si skute som vart nytta til København for å levere klagane til kongen. For å vere reiar kravde ein på den tida borgartilhøyring i ein kjøpstad eller ein by, men dette er ikkje dokumentert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]