Kristian VII av Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristian VII
Christianviidenmark.jpg
Konge av Danmark-Noreg
Regjeringstid 1776-1808
Fødd 29. januar 1749Christiansborg slott i København
Død 13. mars 1808 i Rendsburg i Slesvig
Føregjengar Fredrik V
Etterfølgjar Frederik VI
Gift med Karoline Mathilde av Danmark-Noreg
Born  
  1. Fredrik
  2. Louise Augusta

Christian VII eller Kristian VII (29. januar 174913. mars 1808) var konge av Danmark-Noreg frå 1766 til 1808. Christian var eldste son av Frederik V og Louise av Storbritannia. Såleis var han av den oldenborgske slekta.

Då han 14. januar 1766 kom på trona, var han ikkje fylt 17 år. Den 8. november 1766 inngjekk han eit pliktekteskap med den 15-årige Karoline Mathilde av Storbritannia. Ho var syster av kong Georg III av Storbritannia. Som 16-åring fekk ho kongeparet sitt einaste barn, den seinare kong Frederik VI.

Sjukdom[endre | endre wikiteksten]

Tidleg vart det klart at den unge kongen hadde vanskar på grunn av sjukdom. Han hadde schizofreni, ein sjukdom som med åra sette han ut av spel som regent. I staden for å ta seg av statssaker festa han med den prostituerte Anna Cathrine Benthagen - «Støvlet-Cathrine». Dei vitja saman vertshus og bordell i København. Kongen og kameratane hans var alltid klare for slagsmål, sjølv med ordensmakta. Det er hevda at kongen stolt nokre morgonar kunne syna fram ei erobra morgenstjerne. Ei morgonstjerne var vektarane sitt våpen mot urostiftarar. Til sist måtte vektarene klaga si naud til hoffet. Statsrådet greip inn og tvinga gjennom at «Støvlet-Cathrine» skulle forvisast til Wandsbeck i Holstein. Der fekk ho ei årleg yting på 400 riksdalar.

Struensee[endre | endre wikiteksten]

Den førre kongen, Frederik V, hadde lete statsrådet styra landet. Grev Johan Hartvig Ernst Bernstorff var leiaren for statsrådet. Eineveldet hadde vorte til embetsmannsvelde. Den unge kongen lét framleis statsrådet ta den daglege styringa. I 1768 var kongen på ei utanlandsferd. I Altona tok han den 31-årige Johann Friedrich Struensee som reiselækjar. Kongen fekk tillit til Struensee på reisa, og dei hadde eit ordskifte mellom anna om Voltaire. Andre moderne tenkjarar vart og drøfta. Reisa var tenkt å vara i to år, men kom berre til å vara i åtte månadar. Til gjengjeld vart kostnaden «berre» 250.000 riksdalar. Etter at dei kom heim fekk Struensee tilsetting ved hoffet. På våren 1769 kom det ein koppeepidemi i hovudstaden, og meir enn 1000 born døydde. Struensee fekk bruk for si røynsle som stadsfysikus i Altona, og han innførde vaksinasjon mot koppar. Caroline Mathilde tenkte på son sin, den svakelege kronprins Frederik. Ho bad Struensee om hjelp. Han vaksinerte kronprinsen med hell, og vann dronninga si tillit.

I starten av 1770 vart Struensee utnemnd til kabinettsekretær for dronninga og førelesar for kongen. Han slutta som lækjar og vart politikar. Struensee vart elskaren til den 19-årige Caroline Mathilde. Etter kvart fekk han meir og meir makt.

Den 7. juli 1771 fekk Caroline Mathilde ei dotter, prinsesse Louise Augusta. Jenta vart "lyst i kuld og køn", det vil seia at kongen godkjende slektskapet. Folkemeininga var trass i dette at Struensee måtte vera faren.

Den 12. januar 1772 var fleire høgståande militærfolk, embetsmenn og folk frå kongefamilien samla. Mellom desse var kabinettsekretær Ove Høegh-Guldberg, enkedronning Juliane Marie og hennar son. Føremålet med samlinga var å verta kvitt Struensee. Natta mellom den 16. og 17. januar vart Struensee og Enevold Brandt arrestert og sett i fengsel i Kastellet etter eit maskeball i hoffteatret. Fengslinga skjedde etter ordre frå enkedronningea. Hovudklaga mot Struensee var maktmisbruk og hans tilhøve til dronninga. Brandt skulle ved fleire høve ha prylt og slege kongen. Begge vart kjend skuldige i majestetsfornærming, og Christian VII underskreiv dødsdomane. Christian vart fortalt at Struensee hadde planar om å myrda han. Dommen vart sett ut i livet på Øster Fælled den 28. april 1772. Struensee og Brandt fekk begge fyrst hogge av høgre hand, og kort etter heldt bøddelen opp hovuda deira framfor folkemengda. Kroppane vart partert og lagt på steile og hjul. Hovuda og hendene vart sett på ein stake.

Dronning Karoline Matilde måla av P. Als.

Dronning Caroline Mathilde vedgjekk forholdet til Struensee, og ekteskapet med kongen vart oppheva. Etter forhandling med broren, kongen av England, vart ho landsforvist til Celle i Hannover. Ho såg aldri meir sine born, tronarvingen Frederik eller dottera, Louisa Augusta. Caroline Mathilde døydde i 1775, berre 23 år gamal.

Kronprins Frederik[endre | endre wikiteksten]

Enkedronning Juliane Marie og arveprins Frederik fekk plass i det gjeninnsette statsrådet. Størst innflyting fekk ein av hovudmennene bak kuppet. Denne mannen var teolog og professor i retorikk Ove Høegh-Guldberg. Han vart utnemnd til kabinettsekretær og vart med kvart regjeringa sin eigentlege leiar. Regeringa avskaffa stort sett alle dei reformene som vart innførd av Struensee. Høegh-Guldberg vart sjølv utsett for eit palasskupp i 1784, då kronprins Frederik, den seinare Fredrik VI, overtok regjeringsmakta. Formelt var den stendig meir sinnsforvirra Christian VII eineveldig herskar. I røynda var rolla hans å underskriva avgjerdene til regjeringa. Christian VII døydde av slag den 13. mars 1808 og vart gravlagd i Roskilde domkyrkje. Sonen Frederik følgde han på trona.