Kristian Zahrtmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Zahrtmann

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 31. mars 1843
Rønne
Død

22. juni 1917 (74 år)
Frederiksberg

Yrke kunstmålar
Far Carl Vilhelm Zahrtmann
Kristian Zahrtmann på Commons
Kristian Zahrtmann: Leonora Christine i hagen til Frederiksborg slott, 1887

Peder Henrik Kristian Zahrtmann, kjend som Kristian Zahrtmann, (31. mars 184322. juni 1917) var ein dansk målar. Han var ein del av den danske kunstnargenerasjonen seint på 1800-talet i lag med Peder Severin Krøyer og Theodor Esbern Philipsen, som braut bort frå arva etter gullalderen i dansk kunst, til fordel for naturalisme og realisme.

Han vart særleg kjend for historiske måleri, og særleg dei som synte sterke, tragiske og segnomsuste kvinner i dansk historie. Han målte òg mange verk innan andre sjangrar, som landskap, gatebilete, menneskescenar og portrett.

Han hadde stor innverknad på utviklinga av dansk kunst gjennom å støtte den individuelle stilen til studentane sine dei mange åra han var lærar og ved nyskapande bruk av fargar. Han var mellom anna lærar for mange norske kunstnarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]