Kristian den femtes danske lov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kristian den femtes danske lov vart underskriven av kong Kristian V av Danmark-Noreg den 15. april 1683.

Danmark fekk dermed ei lov, ei landslov, som var gjeldande for heile kongeriket. Inntil då hadde det vore tre ulike lover, dei såkalla landskapslovene.

Jyske Lov gjaldt tidlegare for Fyn og Jylland, Sjællandske Lov for Sjælland, Møn, Lolland og Falster og Skånske Lov for Skåne, Halland, Blekinge og Bornholm. Jyske Lov var den nyaste og vart difor òg nytta utanom Jylland.

Danske Lov vart sett i kraft av Kristian V på bakgrunn av einevalsmakta hans (jus majestatis), som vart innførd i samband med Kongeloven av 1665.

Danske Lov er detaljert og uutførleg i sine lovreglar, i samsvar med den (kasuistiske) metoda som var vanleg. Det var tale om ei samanskriving av ei rad samfunnsmessig viktige problemstillingar, som før enten hadde vore regulert ut fra sedvane eller ved landsskapslovene.

Danske Lov gjev såleis reglar innanfor ei rad forskjellige emne. Innan strafferett vert det, som noko nytt, prøvd å grunngjeva straff ut frå forebygging av kriminelle handlingar.

Regelen i Danske Lovs 3. bok, 19. kapitel, 2. avsnitt (DL 3–19–2), dannar framleis eit grunnlag i arbeidsrettslege tilhøve i Danmark. Bolken dekkjer arbeidsgjevar sitt ansvar for ein arbeidstakar sine uaktsame og forsettlege handlingar medan han er på arbeid. Også andre delar av Danske Lov er gjeldane, til dømes 5-1-1 om at avtalar er bindande og 5-8-1 om ansvar for skader på lånte ting.

Lovsamlinga fekk merksemd òg i utlandet og finst omsett til engelsk, latin, tysk og russisk. Lova bør sjåast i samanheng med rettstradisjonen i Europa. Frå 1100-talet hadde det vorte vanleg med ei større samanskriving av gjelande sedvanerett. Utviklinga vart skunda på av den katolske kyrkja.

Noreg fekk i 1687 si Kristian den femtes norske lov, som i form og innhald vart mykje lik Danske Lov.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]