Kristianiabohemen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fortaus-servering på Engebrets Kafé av Christian Krohg. Johannes Brun, Hans Jæger og Hjalmar Hammer er avbilda.

Kristianiabohemen var ein krins kunstnarar, kulturarbeidarar og forfattarar i Kristiania1880-talet. Desse vart kalla bohemar av di dei gjorde opprør mot tradisjonelle normer for moral og samfunnsliv. Rørsla høyrde til naturalismen, men med den tydelige vekta dei la på kjensler peika ho også frem mot neste litterære periode, modernismen (nyromantikken).

Leiaren for denne gruppa var forfattaren Hans Jæger (1854-1910). Oda Lasson var den kvinnelege leiarfiguren. Andre kjende bohemar var Christian Krohg, Jon Flatabø, Haakon Nyhuus og Nils Johan Schjander. Forfattaren Arne Garborg var også knytt til miljøet.

Kristiania-bohemene er kjend for sine ni Bohêmbud, som har opphav i eit stykke trykt i bladet Impressionisten nr. 8 i februar 1889. Bodorda er ofte tillagde Hans Jæger. Forsking gjort av til dømes Ketil Bjørnstad til den biografiske romanen Jæger - en rekonstruksjon[1] tilseier at utgjevarane av bladet, Johan Collett Michelsen, Oda og Christian Krohg, skreiv boda sjølv som ein parodi på Jæger, som dei var i krangel med nett då.

I ettertid har miljøet kring Kristianiabohemen inspirert fleire kunstnarar. Musikkverket Leve Patagonia av Ketil Bjørnstad tek utganspunkt i Kristianiabohemen sin draum om å starta på nytt i eit land langt vekke. Til dømes kunne dette vera Patagonia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Halvor Fosli: Kristianiabohemen : byen, miljøet, menneska, Oslo 1994.