Kristianopel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heliga Trefaldighetskyrkan i Kristianopel
Den 3 km lange bymuren.
Kart over «Christianopolis».

Kristianopel er ein tettstad i Karlskrona kommun i Blekinge län. Han ligg på ei sandete kystslette ved kysten av Austersjøen.

Kristianopel blei grunnlagd i 1599 som Christianopel av kong Kristian IV av Danmark, nær den tidlegare byen Avskær. Han blei bygd etter tidsmoderne tankar om byplanlegging, og var den første renessansebyen i Norden. Som festningsby var han ein del av det dansk-norske forsvaret mot Sverige, og gjekk inn i rekkja Akershus, Bohus, Varberg, Halmstad, Lagaholm, Christianstad og Christianopel.

Byen blei teken 25. juni 1611 av kronprins Gustav Adolf under Kalmekrigen, og lagt i grus. Ei ny kyrkje, Heliga Trefaldighetskyrkan, blei reist i åra 1618–1624. Christianopel fekk bystatus i 1622, og mista statusen i 1677, då han blei teken av svenskane under Den skånske krigen. Kristianopel blei mindre viktig som festningsby etter at Blekinge blei svensk ved freden i Roskilde i 1658. Kristianopel tapte terreng til Karlshamn.

Den 25. september 1676, under Den skånske krigen, blei Christianopel teken av danske styrker og gjort til viktig støttepunk for dei såkalla «snapphanane». Byen blei teken attende den 22. februar 1677. Festningsverka blei raserte og innbyggjarane flytta til Ronneby, Växjö og Karlshamn. I 1678 blei det gjeve ordre om at alle hus skulle jamnast med jorda.

Kristianopel var fram til utgangen av 1951 ein municipalköping i Kristianopels landskommun, som blei del av Jämjö i 1952. Denne blei del av Karlskrona kommun i 1974.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Andre tidlegare byar i Blekinge:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kristianopel
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: kyrkja i Kristianopel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.