Kristiansand Dyrepark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dyreparken i Kristiansand er ein kombinert dyre- og underhaldningspark like utanfor Kristiansand. Parken har no over åtte hundre dyr av rundt hundre forskjellige artar. I tillegg byr han på ulike underhaldningsopplevingar som tømmerrenne, trollskog og ei gjenskaping av Thorbjørn Egner sin Kardemomme by.

Dyreparken er den turistattraksjonen i Noreg som trekk mest folk etter hoppbakken i Holmenkollen. I 2003 vitja 550 000 menneske parken, rundt halvparten av dei kom i juli.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Willy Tjomsås tok initiativet til å danna parken, som rein dyrepark, i 1964. Året etter starta Edvard Moseid utbyggjinga. Dørene vart offisielt opna den 26. juni 1966.

1970-talet blei parken kjent som verdas største eksportør av kamelar. Dei mest kjende dyra frå Kristiansand Dyrepark er likevel sjimpansane, representert av Julius som voks opp heime hos Edvard Moseid og vart TV-kjendis i 1981.

I 1983 vart parken utvida og vart kalla Dyre- og fritidspark. Underhaldningssjørøvaren Kaptein Sabeltann dukka opp i 1990 og Kardemomme by vart opna året etter. I 2000, etter 35 år, overlét Edvard Moseid leiinga til andre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]