Kristiansand katedralskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristiansand katedralskole
Kristiansand katedralskole 02.jpg
Skuletype Offentleg vidaregåande skule
Grunnlagt 1686
Fylke Vest-Agder
Kommune Kristiansand kommune
Tettstad Kristiansand
Adresse Jegersbergveien 1, 4631 Kristiansand
Rektor Eva Bergh
Eigar Vest-Agder fylkeskommune
Nettstad www.kkg.vgs.no/

Kristiansand katedralskole Gimle er ein vidaregåande skule i Kristiansand, grunnlagt 20. november 1686 då privilegia for katedralskule vart ført over frå Stavanger til Kristiansand. Han vart Latinskule i 1734 og er den eldste skulen på Sørlandet. Hausten 2007 vart skulen slått saman med Gimle videregående skole, tidlegare Kristiansand Handelsgymnas. Arne Rosenvold var den siste rektoren før skulane vart slegne i hop. Opphavleg tilbydde Kristiansand katedralskole ålmennfaglege studietilbod, medan Kristiansand handelsgymnas tilbydde økonomisk-administrative fag. Den samaslåtte skulen har eit breiare fagtilbod, med undervisning også i enkelte yrkesfag.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kristiansand katedralskole (Katta) vart grunnlagt om lag 535-635 år etter dei fem andre norske katedralskulane i Oslo, Hamar, Trondheim, Bergen og Stavanger - som vart grunnlagde i tida 1152-1153 og 1260. Skulen låg fyrst ved Kristiansand domkyrkje, i den såkalla Latinskolen (frå 1734). På 1930-talet vart skulen utvida med ein ny bygning i Kirkegaten. Etter å ha hatt tilhald i Kvadraturen i nesten 300 år, flytta skulen inn i nybygde lokale på Gimle på 1970-talet.

Latinskulebygningen huser no kontor for Domkyrkja kyrkjelyd, medan bygningen i Kirkegaten er teken over av Sørlandets kunstmuseum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]