Kristiansand lufthamn, Kjevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kristiansand lufthamn)
Kristiansand Lufthamn, Kjevik

IATAKRS
ICAOENCN
FlyplasstypeSivil/Militær
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerKristiansand kommune, Kristiansand Sjå dette på Wikidata
StadTveit i Kristiansand Sjå dette på Wikidata
Høgd17,4
Koordinatar58°12′14″N 8°5′6″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://avinor.no/en/airport/kristiansand-airport/ Sjå dette på Wikidata

Kristiansand Lufthamn, Kjevik ligg nordaust for Kristiansand i Agder fylke, men avstand på 16 km og 15-20 min. køyretid mellom sentrum og flyplassen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen vart opphavleg vedteken bygd på Kongsgårdslettene, og bygging stara der, men då ein fann ut at det ville verte rimelegare med Kjevik vart bygginga flytta dit.

Utbygginga starta i 1938 og flyplassen vart opna offisielt 1. juni 1939, med ein betongrullebane på 1 000 meter. I tillegg til landflyplassen, vart det då også lagt til ei eiga sjøflyhamn. Dette året vart også Oslo lufthamn, Fornebu opna. Stavanger lufthamn, Sola, landets fyrste landflyplass, stod ferdig to år tidlegare.

Det fyrste flyet som landa på Kjevik var et KLM DC-2 fly, på veg frå Oslo til Amsterdam.

Kjevik under andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Den 9. april 1940 var det ein mindre vaktstyrke på flyplassen. Etter skot frå tyske fly, og rykte om framrykkande tyske styrkar valde vaktstyrken å trekkje seg attende, etter å ha sperra rullebanen med piggtråd og spanske ryttarar. Om ettermiddagen, kl 16:30 klarte likevel eit Junkers Ju 52 som hadde teke del i åtaket på Sola å lande. Flyplassen vart raskt forsterka og allereie den 12. april var 30 Messerschmitt Bf 109E stasjonert på plassen. Under resten av krigen hadde flyplassen ei viktig rolle i det tyske forsvaret av det okkuperte Noreg.

Etter verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen var i starten og under krigen eigd av Kristiansand kommune, men vart overlate vederlagsfritt til Staten i 1946. Etter kvart vart han utvida, og rullebanen asfaltert.

Flyplassen i dag har ein rullebane på 2 000 x 40 meter, med dagens vedtak kan ein berre bruke 1 840 meter. Rutesamband med Stavanger, Bergen, Oslo, København og Amsterdam. Flybussamband med Kristiansand og Lillesand, Grimstad og Arendal.

Kjevik er kategorisert som ei mellomstor lufthamn. I 2006 hadde lufthamna litt over 800 000 passasjerer. Stavanger lufthamn, Sola hadde fire gonger så mange passasjerar. 2 % av passasjertrafikken i Noreg går over Kjevik.

Luftforsvarets skolesenter Kjevik ligg knytt til Kristiansand lufthamn.

Basert på dispensasjon frå tryggingskrav[endre | endre wikiteksten]

Lengda på rullebanen er i dag 1.840 meter, men dette er basert på ein dispensasjon frå dagens reglar som slår fast at det skal vere ei trygginssone på 300 meter i kvar ende av rullebanen. Dersom dispensasjonen vert trekt tilbake vil dette få negative konsekvensar for dagens trafikk på Kjevik: Utanlandstrafikken og chartertrafikk vil ta slutt, og innanlandstrafikk vil verte basert på propellfly.

Ombygging eller flytting[endre | endre wikiteksten]

Ei eventuell ombygging av flyplassen for å tilfredsstille dagens krav vil ha store konsekvensar for miljøet kring flyplassen.

Kjevik var eit naturleg val av flyplass før andre verdskrig, men flyplassen tilfredsstiller ikkje dagens krav til ein regionflyplass for Sørlandet og flyplassen har i dag avgrensa kår for utbygging. Det er derfor sett i gang planar for å utvide flyplassen. Derfor arbeider ein også med ein ny vegtrase for å leie trafikken til flyplassen utanom Hamresanden. I samband med planane om utviding har ein fått eit nytt problem, for den sjeldne sommarfuglen raudknappviklar, som er på raudlista i Noreg, finst der det er planlagt å legge utbygginga.

Flyplassbygningen med det nye tårnet.
Foto: Siri Johannessen

Alternativ til Kjevik[endre | endre wikiteksten]

Det har tidlegare vore lagt fram forslag om å flytte Kristiansand lufthamn frå Kjevik til anten Farsund lufthamn, Lista eller Gullknapp flyplass ved Arendal, når vegsambandet mellom Kristiansand og den gjeldande flyplassen var gode nok. Gullknapp ved Arendal har lettare for å utvide enn det Kjevik har, mens Lista allereie har rullebanar med lengder som er nødvendige for langdistanseflygingar. Begge flyplassane har dessutan færre naboar å ta omsyn til ved eventuelle utvidingar/trafikkaukar. Forslaga har likevel ikkje slått gjennom hos politikarane, og det er i dag planar for lengre rullebanar, ny tilkomstveg og fleire næringsareal, såvel som tryggingsoppgraderingar som er pålagt Avinor.

Destinasjonar og selskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]