Kristin Jarmund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristin Jarmund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1954 (69 år)
Oslo
Yrke arkitekt
Ektefelle Are Telje
Kristin Jarmund på Commons

Kristin Jarmund (fødd 26. september 1954 i Oslo) er ein norsk arkitekt.

Kristin Jarmund er utdanna frå Norges tekniske høgskole i Trondheim og Architectural Association School of Architecture i London. Frå 1978 til 1983 var ho tilsett ved Telje-Torp-Aasen Arkitektkontor. I 1985 starta ho eigen praksis gjennom Kristin Jarmund Arkitekter. Kontoret er blant Noregs leiande og har vunne eller kome høgt i fleire konkurransar. For Justervesenet nybygg på Kjeller er dei tildelt Houens fonds diplom.

Arbeidet til Jarmund er kjenneteikna eit klårt og enkelt formspråk, gjerne karakterisert som nyfunksjonalisme. Detaljering og fargebruk er tydeleg og gjennomtenkt. Interiøret er ofte like viktig som eksteriøret, og Jarmund har brukt uttrykket «den indre fasaden». Kontoret har hatt ansvaret for prosjekt med ombygging av publikumsareal i Majorstuhuset, Oslo nye teater og Nasjonalgalleriet. Alle stadene ser vi ein vellykka kombinasjon av det klassiske og det moderne. I Nydalen T-banestasjon er kunstprosjektet «The Tunnel of Light» inkorporert.

Jarmund er syster til arkitekten Einar Jarmund.

Kristin Jarmund Arkitektar[endre | endre wikiteksten]

Stortingsgata 6 i Oslo
Justervesenet hovudkontor på Kjeller

Firmaet vart etablert i 1985. Partnarar er Kristin Jarmund, Ola Helle og Leif Daniel Houck.

Eit utval av arbeida til kontoret:

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

T-banestasjonar i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]