Kristin Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kristin Lund (fødd 16. mai 1958) er ein norsk generalmajor, utnemnd i Statsråd 18. september 2009. Lund er første kvinne i Noreg som er utnemnd til offiser på generalnivå i Hæren. Samtidig med utnemninga blei ho beordra som Generalinspektør for Heimevernet.

Lund gjekk Befalsskolen for Hærens transportkorps og intendantur i 1980 og Krigsskolen i 1983. Ho har også Forsvarets stabsskole, Forsvarets høyskole, og har i tillegg US Army War College.

Kristin Lund har omfattande og variert tenestebakgrunn, både innanlands og utanlands. Før utnemninga til generalmajor, var ho brigader, nestkommandarande for Hærens styrker og sjef Østerdal Garnison.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]