Kristina Šmigun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristina Šmigun


Statsborgarskap Sovjetunionen, Estland
Fødd 23. februar 1977 (47 år)
Tartu
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's 10 kilometre classical, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 10 kilometer fristil kvinner, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007

Utmerkingar

1. klasse av Den hvite stjernes orden, Estonian Athlete of the Year, 3. klasse av Estlands Røde Kors' orden, Decoration of the Estonian Olympic Committee

Kristina Šmigun (fødd 23. februar 1977), gift Kristina Šmigun-Vähi i 2007, er ein estisk, tidlegare langrennsløpar frå Tartu. Ho vart verdsmeister på 10 km jaktstart i 1999 og olympisk meister både på 10 km og 15 km under vinter-OL 2006. Både faren Anatoli Šmigun og den eldre systera Katrin Šmigun var habile langrennsløparar som i si tid hevda seg godt i internasjonalt langrenn.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kristina Šmigun fekk sølv på 15 km fristil og bronse på 30 km klassisk stil i VM 1999 i Ramsau. Under VM i 2003 tok ho fire medaljer; gull på 10 km jaktstart, sølv på 10 km og 15 km klassisk, og bronse på 30 km i fristil.

Mellom 1999 og 2007 vann Šmigun 16 renn i verdscupen. Sesongane 2000 og 2003 kom ho på andreplass samanlagt i verdscupen.

12. februar 2006 vann Šmigun olympisk gull på 15 km duathlon, og vart dermed den fyrste estiske kvinna som vann ein gullmedalje i eit vinter-OL. Fire dagar seinare fekk ho eit nytt OL-gull då ho sigra i 10 km klassisk stil. Under OL 2010 sikra ho seg ein sølvmedalje på 10 km fristil, bak svenske Charlotte Kalla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]