Kristine Lunde-Borgersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lunde-Borgersen i Viborg-drakt i 2009

Kristine Lunde-Borgersen (fødd 30. mars 1980) er ein norsk handballspelar frå Kristiansand, som sidan 2010 har spela for Våg Vipers. Ho har vunne tre EM-gull, eitt OL-gull og eitt VM-gull for Noreg. Dessutan har ho to gull frå meisterligaen, tre danske seriegull og to danske cupgull med Viborg. Mellom 2001 og august 2012 har ho spela 169 landskampar og skåra 482 landslagsmål for Noreg.

Katrine Lunde Haraldsen er tvillingsystra hennar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kristine Lunde spela for Våg i norsk toppserie frå 1999? til 2004. Ho debuterte på Noregs landslag 24. mars 2001 i ein kamp mot Tyskland. Sidan har ho fram til juli 2012 spela 161 landskampar og skåra 466 mål. Under EM 2008 vart ho kåra til meisterskapens beste «playmaker». Mellom 2001 og 2011 vann ho VM-sølv i 2001, EM-gull både i 2004 og 2006, OL-gull og EM-gull i 2008, VM-bronse 2009 og VM-gull i 2011, samt sitt andre OL-gull i 2012.

Lunde vart i 2004 kåra til «Årets spelar» i Noreg. Ho og systra Katrine reiste same året til Danmark. Der spela ho tre sesongar for klubben Aalborg DH, og sidan like lenge for Viborg. Gjennom desse seks åra var ho med å vinne to meisterligatitalar, tre seriegull og to cupgull, alle med Viborg.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2001 - Sølv
  • VM 2003 – 6. plass
  • EM 2004 – Gull
  • VM 2005 – 9.plass
  • EM 2006 i Sverige: Gull etter norsk siger 27-24 over Russland
  • OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 over Russland
  • EM 2008 – Gull
  • VM 2009 – Bronse
  • VM 2011 – Gull
  • OL 2012 i London: Gull etter norsk siger 26-23 over Montenegro

Merittar klubblag[endre | endre wikiteksten]

  • 2003: Bronse i serien med Våg Vipers
  • 2005: Sølv i serien med Aalborg DH
  • 2006: Bronse i serien med Aalborg DH
  • 2007: Bronse i serien med Aalborg DH
  • 2007/8: Cupgull og seriegull med Viborg
  • 2008/9: Cupgull og seriegull med Viborg, samt vinnar av Meisterligaen
  • 2009/10: Seriegull og siger i Meisterligaen med Viborg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]