Kristján Eldjárn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristján Eldjárn

Kristján Eldjárn (6. desember 191614. september 1982) i Reykjavík) var den tredje presidentenIsland, frå 1968 til 1980.

Han voks opp i i Tjörn i Svarfaðardal. Foreldra var Þórarinn Kr. Eldjárn, som var bonde og lærar i Tjörn, og Sigrún Sigurhjartardóttir. Han tok eksamen i arkeologi ved Københavns Universitet og underviste seinare ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island). I 1957 fekk han ein doktorgrad for undersøkingane sine om heidenske gravskikkar på Island. Seinare blei han leiar av Nasjonalmuséet på Island.

Ved presidentvalet i 1968, der han stilte mot ambassadør Gunnar Thoroddsen, låg han først under på meiningsmålingane. Motkandidaten hadde først 70% tilslutnad på målingane, men Kristján Eldjárn vann valet med 65,6 % av røystene, i eit val der valdeltakinga låg på heile 92,2%. Han vart attvald utan motkandidat i 1972 og 1976.