Kristofer Leirdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristofer Leirdal i atelieret sitt i 2007.
Foto: Yngve Zakarias.

Kristofer Leirdal (15. desember 19156. juli 2010) var ein biletkunstnar frå Leirdalen i Aure kommune. Leirdal voks opp i snikkarverkstaden til far sin og tok tidleg til å arbeida i tre. Han fekk eit stipend for å studera på møbellinja ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, der han tok til i 1936. I 1938 kom han inn på Statens kunstakademi [1]. I 1941 vart han tilsett som steinhoggar ved Nidarosdomen i Trondheim. Rett etter krigen studerte han ved Det Kongelige Kunstakademi i København, men kom i 1946 attende for å halda fram med arbeidet på Nidarosdomen.

Leirdal underviste på Kunstskolen fram til 1952, då han gjekk over til over til Institutt for form og farge ved NTH, der han fram til 1982 underviste arkitektstudentar i modellering.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruvende og stillfarende, NRK.no, 8/7-2010.