Kristoffer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kristoffer eller Kristofer er eit mannsnamn nytta mellom anna i Noreg. Namnet er ei form av det greske namnet Khristofóros som tyder «Han som ber Kristus (i hjarta sitt)». På Island var namnet i bruk frå på 1200-talet, medan det i Noreg kom i bruk kring 1500 og var mykje brukt på 1700-talet. Frå 1970-talet tok bruken av namnet seg opp att, då ofte skrive Christoffer eller Christopher. Ein annan variant er Kristopher.

I Noreg har Stoffer vore brukt som kortform av namnet, medan Chris har vore brukt i engelsk. Kvinnenamnet Kristoffa er avleidd av Kristoffer.

Den heilage Kristoforos[endre | endre wikiteksten]

Den heilage Kristoforos, som skal ha lide martyrdøden i Lykia i Litleasia kring år 250, er i den katolske kyrkja vernehelgen for dei reisande, bilistar, sjåførar, syklistar, pilotar, skipperar, ferjemenn, sjøfolk, fløytarar, pilegrimar, idrettsutøvarar, gruvearbeidarar, tømmermenn, hattemakarar, fargarar, bokbindarar, skattegravarar, frukthandlarar, gartnarar, lækjarar, gravide kvinner og barn; for gater, bruer og festningar; mot vatn, brann, tørke, uvær og pest; mot augesjukdommar, tannverk og sår; mot ein uventa død og for ein god død. Han er ein av dei 14 naudhjelparane.

Namnedagar[endre | endre wikiteksten]

Kjende berarar av namnet[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]