Marius Hægstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kristoffer Marius Hægstad)
Marius Hægstad

Fødd15. juli 1850
Ålesund
Død21. november 1927 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lingvist, filolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnLeiv Heggstad, Olav Heggstad, Sigvat Heggstad
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1892–1894)
  • vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
  • vararepresentant til Stortinget (1886–1888)
  • vararepresentant til Stortinget (1889–1891)
  • vararepresentant til Stortinget (1895–1897)
  • stortingsrepresentant (1898–1900) Sjå dette på Wikidata

Kristofer Marius Hægstad (15. juli 185021. november 1927) var ein norsk språkmann. Han var professor i norsk språk, med vekt på landsmål. Hægstad var fødd i Ålesund, men voks opp i Davik og i Bergen.

I 1898 vart Hægstad formann for ei nemnd som skulle finna fram til ei offisiell rettskriving for landsmål (nynorsk). Fleirtalet i nemnda ville gjennomføra ei radikal nyskaping, men Hægstad gjekk inn for små endringer av Ivar Aasen si skriftnorm. Departementet delte Hægstad sitt syn, og Hægstad-normalen vart med dette den fyrste offisielle rettskrivinga for landsmål.

Hægstad sat òg i fleire periodar på Stortinget for Venstre. Han vart òg den fyrste leiaren for Noregs Mållag, frå 1906 til 1909.

Hægstad var far til målmannen og skulemannen Leiv Heggstad, og farfar til språkforskaren Kolbjørn Heggstad.

Hægstad døydde i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]