Christopher Simonsen Fougner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christopher Simonsen Fougner
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mai 1795
Hole
Død

9. mai 1869 (74 år)

Yrke politikar, bonde
Språk norsk

Christopher Simonsen Fougner (4. mai 17959. mai 1869) var ein norsk gardbrukar, veg- og brubyggjar og stortingsmann frå Eiker i Buskerud.

Fougner overtok i 1818 halvparten av farsgarden i Eiker. Denne dreiv han fram til 1851. Han flytta då til garden Økern i Østre Aker, ein gard han hadde eigd sidan 1845. Fougner var oppteken av anleggsverksemd, bygde både vegar og bruer. Største bruene han bygde var dei ved Hønefoss og ved Vikersund. Han var medlem av Hole heradsstyre frå 1837 til -49, ordførar i fleire år.

Fougner representerte Buskeruds amtStortinget 1836-45 og 1851. Han var i 1836 medlem av budsjettkomiteen, 1836-37 av gasjekomiteen, 1839 av komiteen om stempla papir, 1839-45 av militærkomiteen. I 1851 var han medlem av Lagtinget og tollkomiteen. Elles var han medlem av skogkommisjonen av 1849.

Han døydde i Aker i 1869.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]