Kristopher Schau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Kristopher Schau».
Kristopher Schau, 2004

Kristopher Hugh Martin Schau (fødd 12. august 1970) i Oslo) er ein norsk musikar, forfattar, programleiar og humorist. Han er son åt skodespelaren Finn Schau og bror åt programleiaren Aleksander Schau.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kristopher Schau har ved ei rad høve vekt åtgaum for sine uredde røyne på menneskekroppen. Her frå prosjektet Forfall.

Kristopher Schau har vore med på mange meir eller mindre musikalske tiltak gjennom Duplex records sidan slutten på 1980-talet (sjå bandi nedan). Han har dertil med vore programleiar og medverka i ei rad radioprogram, so som KvegpelsRadio Nova (1993-), Karate (1995-2003), Hybel (1996-1998), XL (1996-1999), Herreavdelingen (1997), Holger Nielsens metode (1999-2000) og Et Norge i krig (2004) på NRK Petre og Jeg hater svenskerKanal 24 (2004).

fjernsyn har me sett Kristopher Schau i programmi XLTV (1998-1999), Oppgang B (1998), TVTV (1999) Topaz (2002), Team Antonsen (2004) på NRK og De syv dødssyndeneTV2. Dessutan har han spela i reklamefilm for avisa VG.

Kristopher Schau har gjeve røyst til figuren Kronk i filmen Et kongerike for en lama (2000) og Marius i Slipp Jimmy fri (2006).

Kristopher Schau har vekt åtgaum ved nokre høve for sine uredde røyne og usedvanlege forskingsprosjekt, der han har testa ut menneskekroppen. Han budde til dømes éi veke i ein Opel Rekord stasjonsvogn, 1981-modell, i prosjektet En mann, en bil, en uke (1998) på programmet XL, og på Karate sat han ei veke i eit butikkvindauga på Karl Johans gate, der han skulle freista forfalla mest mogeleg, både fysisk og åndeleg, i prosjektet Forfall (2001). I programserien De syv dødssyndene lét han seg mellom anna omskjera

Som forfattar har Kristopher Schau gjeve ut kokeboki Tendenser (2001), og saman med Morten Ståle Nilsen og Øystein Karlsen gav han i 2006 ut Et Norge i krig - ei samling av innslag frå radioprogrammet med same namnet, i bokform. Han skreiv teksti til teikneserien Margarin, som Øystein Runde teikna, og som kom ut som teikneseriealbum i 2006. Han har elles meldt teikneseriar i bladet Mute, radioprogrammet Ordfront og fjernsynsprogrammet Stereo (alle i 2002). I 2009 gav han ut boka På vegne av venner.

Kristopher Schau vann VM i Rock i Bilbao (2002) med bandet The Cumshots, og har dessutan overprøvt Spellemannskommitéen sine avgjerder, då han gav Spellemannsprisen til Black Debbath (2000).

Til stortingsvalet i 2001 var Kristopher Schau kandidat for Det Politiske Parti i Aust-Agder og Sogn og Fjordane.

Somme av Kristopher Schau sine gjerningar er dokumentera på DVD-en Kristopher Schau - Ti år med juling - på tide å få betalt! frå 2004.

Band[endre | endre wikiteksten]

  • Gartnerlosjen (vokal) frå 1987 -
  • Glansen (vokal) i 1990
  • Lille Pepre Benklærs Campingbag (vokal) frå 1990-1991
  • Diverse Artister (vokal) frå 1990-1991
  • Penis Inferno frå 1990 -
  • Den erotiske picnic i 1991
  • Kåper Gjete (Vokal, gitar, trompet) frå 1991-1993
  • Hurra Torpedo som Farbror Blå (frysar, komfyr) frå 1991 -
  • Käufer Gäte i 1993
  • Torpedo Juchheirassa! i 1993
  • Iron Metal Hat (vokal) frå 1993-1994
  • Reidar Roses Orkester som Ragnar Rose (vokal) frå 1995 -
  • Norwegian Fart Compilation (Promp, fis, fjert) i 1996
  • Majorstu frå 1996-1996
  • Klima frå 1996-1996
  • Sinsen frå 1996-2000
  • Datsun som Max Cargo (vokal) frå 1996 -
  • Bandet DDR i 1998
  • Caliban Allstars (vokal) i 2000
  • The Cumshots som Max Cargo (vokal) frå 2000 -

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]