Kristtorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristtorn


Status i Noreg: LC Livskraftig

Illustration Ilex aquifolium0.jpg

Systematikk
Rike: Plante
Orden: Aquifoliales
Familie: Aquifoliaceae
Slekt: Ilex
Vitskapleg namn
Ilex aquifolium
Kristtorn
Namn på andre språk
Norrønt Beinvið
Svensk Järnek
Dansk Kristtorn, Almindelig Kristtorn
Engelsk Holly, European holly
Tysk Stechpalme, Europäische Stechpalme
Fransk Houx
Spansk Acebo, agrifolio
Russisk Padub (Падуб), padub ostrolistnyj (падуб остролистный), ostrolist (остролист)

Kristtorn eller beinved (Ilex aquifolium) er ei av 400 arter i familien kristtornfamilien (Aquifoliaceae). Det er eit eviggrønt tre som veks som underskog på fuktig, ikkje sur skogbotn i Vest- og Sør-Europa, Nordvest-Afrika og Sørvestasia. Kristtorn er eit typisk varmekrevjande treslag og i Noreg veks kristtorn langs kysten frå Kragerø til Smøla i nord. Treet veks opp til 15 cm kvart år og kan bli opp til 10 m høgt og 3 meter i diameter på solvarme, lune stader med næringsrik, laus og djup moldjord. Kristtorn toler skugge og veks spreitt i furuskogar og edellauvskogar, men blomstring og bærsetting skjer berre når lyset slepp til. Treet toler saltpåverknad og finst ofte i strandkratt. Kristtorn er kommuneblomster for Lyngdal, og pregar kommunevåpenet til Stord.

Europeisk kristtorn; hannblomar over, hoblomar under (blada er skorne for å visa blomane)

Kristtorn er Noregs einaste eviggrøne lauvtre. Stamma er opphavleg grøn, men blir grå til lysebrun ettersom den veks. Blada er 5-8 cm lange 4-5 cm breie, djupgrøne, stive, tjukke og lêraktige, og har skarpe torner i bladkanten. Dei er vekselvis motsett, og hos eldre tre manglar ofte tornene. Han- og hoblomar vert utvikla på kvart sitt tre; Blomane er kvite med fire viker og sit i bladhjørna. På blømande greiner manglar ofte tornene unnateke i spissen. Eit fåtal tre set både hann- og hoblomar.

Frukta er raude kulerunde bær som er 6-10 mm i diameter og inneheld fire frø. Sjølv om bæra vert modne seinhaustes er dei svært harde og bitre og er ikkje mat for fugl før frosten har gjort dei mjukare. Bæra er giftige for menneske.

Under bakken har kristtorn ei tjukk pelerot som går djupt ned. Smårøtene er samanfiltra og ligg rett under overflata.

Dyrking og bruk[endre | endre wikiteksten]

Kristtorn var kjent som ei plante med magiske eigenskapar og blei brukt av europeiske druidar.

Planta har i dag sitt viktigaste bruksområde som hage-, park- og dekorasjonsplante. Kristtorn er populær som julepynt, spesielt i dekorasjonar og kransar. Kristtorn vart før òg brukt som juletre og som erstatning for palmeblad når ein skulle pynta kyrkjene til påske. Kommersiell hausting har lange tradisjonar og skjer i dag i Sunnhordland og Ryfylke, både til eksport og innanlands bruk.

Den kvite, harde veden er etterspurt til treskjering og er for eksempel ofte brukt i kvite sjakkbrikker. Den var tidlegare viktig til spolar i skytteler for maskinveving ettersom det er ein tett hard ved som kan polerast svært glatt slik at tråden ikkje hektar seg opp. På grunn av dei harde eigenskapane er beinved eit anna vanleg namn på kristtorn.

Bæra er mat for trastefuglar og vert lettare fordøyeleg etter fleire omgangar med frost og opptining. Vintertid gjev dei pigga buskane vern for småfuglar mot rovfugl. Einskilde sommarfugllarvar lever spesielt på kristtorn.

Bæra har lågt giftinnhald men kan gje kvalme, oppkast og diaré om mennesket et dei. Planta blir delvis brukt naturmedisinsk som helsebringande te og brekkmiddel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kristtorn