Krivaja i Serbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krivaja (Криваја)
Krivaja nær Mali Iđoš
Krivaja nær Mali Iđoš
Utspring Subotička Peščara i Vojvodina
- Høgd 131 m
Munning Donau-Tisa-Donau-kanalen ved Turija i Vojvodina
Land i nedslagsfelt Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 109 km
Nedslagsfelt 956 km²

Krivaja (serbisk Криваја) er ei elv nord i Serbia. Med ei lengd på 109 km er ho den lengste elva som renn heilt innanfor den serbiske provinsen Vojvodina.

Krivaja spring ut frå Subotička Peščara, der fleire småelvar renn saman sørvest for landsbyen Žednik. Ved landsbyen og turiststaden Zobnatica er elva demd opp og den 5,5 km lang kunstige Zobnaticasjøen er danna. Denne vert nytta til vatning og turisme.

Elva munnar ut i Veliki Kanal (Велики канал; Storkanalen), som er ein del av Donau-Tisa-Donau-kanalen. Meanderforholdet til heile elva er 65:109 (ho er 109 km lang over ei luftlinje på 65 km), så ho er særs svingande, noko som har gjeve ho namnet sitt som tyder «svingande elv» på serbisk.

Krivaja drenerer eit område på 956 km² som høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]