Krk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krk
Baškavika på Krk
Baškavika på Krk
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 45°4′N 14°36′E

Areal 405,22 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke

Demografi
Folketal 16 402 (2001)

Krk (italiensk Veglia, latin Curicta) er ei øy Adriahavet ved kysten av Kroatia, nær Rijeka (italiensk Fiume) i Kvarnerbukta (italiensk Quarnaro) og ein del av Primorje-Gorski Kotar fylke.

Krk er den nest største øya i Adriahavet med eit areal på 405,22 km², og den mest folkesette med mange landsbyar og eit folketal på 16 402 (2001). Sjølv om nylege studiar har vist at Cres (italiensk Cherso) er den største kroatiske øyar, seier offisielle data at Krk er den største.

Krk detaljkart

Av landsbyar på Krk finn ein:

Økonomi og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Krk ligg forholdsvis nær fastlandet og har vore forbunde til fastlandet via ei 1 430 meter lang bogebru, kalla Krkbrua, sidan 1980, ei av dei største betongbruene i verda. Sidan ho ligg nær byen Rijeka, ligg Rijeka flyplass ved Omišalj, i tillegg til eit oljeraffineri (som er knytt til hamna i Rijeka. Eit kloster ligg på den litle øya Košljun i ei bukt utanfor kysten av Krk.

Krk er ein populær feriestad sidan ho ligg nær både Slovenia, sørlege delar av Tyskland, Austerrike, og Nord-Italia. Etter at Austblokka kollapsa har mange turistar òg kome frå Ungarn, Romania og andre tidlegare austblokkland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya har vore busett sidan før 900-talet fvt.. Romarane kalla øya Curicta. Under Den romerske borgarkrigen var Curictabukta åstad for sjøslag mellom flåtane til Cæsar og Pompeius

Over tusen år seinare vart øya sentrum for Vegliot-dialekten i det dalmatiske språket. Krk var òg sete for biskopar og Frankopan-familien i mellomalderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]