Krma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krmadalen

Krma er ein fjelldal i Dei juliske Alpane i Gorenjska i Slovenia.

Krma er den lengste og austlegaste av bredalane nær Mojstrana. Fleire ruter gjennom Triglav nasjonalpark starta her. Dalen endar opp i Radovnadalen.

Omtrent to tredjedelar opp i dalen ligg fjellhytta Kovina (892 moh), som er ein populær stoppestad for fjellklatrarar. Hytta var opphavleg ei gjetarhytte, men vart opna for ålmenta i 1948. I 1959 vart det bygd ei ny og større hytte. Ho vart renovert i 1983 og er open frå byrjinga av juni til slutten av september.

Av fjell rundt Krma finn ein mot søraust Debela peč (2014 m), Lipanski vrh (1965 m), Debeli vrh (1962 m), Mali Draški vrh (2132 m), Veliki Draški vrh (2243 m) og Tosc (2275 m); mot vest Macesnovec (1926 m), Luknja peč (2245 m) og Rjavina (2532 m).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]