Kroatisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Kroatia

Kroatia er eit land i Søraust-Europa, mellom Adriahavet, Bosnia-Hercegovina og Slovenia. Forma som ein hestesko grensar landet òg til Serbia, Ungarn og Montenegro. Fastlandet er delt inn i to landområde, ei smal kystlinje langs Bosnia-Herzegovina, og eit større område som strekkjer seg austover på Balkanhalvøya.

Satellittbilete av Kroatia

Terrenget er variert og inneheld mellom anna sletter, innsjøar, bølgjande åsar på fastlandet i nord og nordaust (Det sentrale Kroatia og Slavonia, i tillegg delar av Den pannoniske sletta). I Lika og Gorski Kotar, samt Dei dinariske Alpane finn ein tett skogkledde fjellområde. Kysten langs Adriahavet er kupert frå halvøya Istria i nord, langs den nordlege kysten og sørover langs Dalmatia.

Landet er kjend for dei mange nasjonalparkane det har.

Geografiske koordinatar: 45°10′N 15°30′E

Klima[endre | endre wikiteksten]

Boravind i Kroatia

Dei vestlege områda av Balkan er eit døme på at klimaet kan vere svært skiftande innanfor same området, og vêrforholda kan endre seg mykje på eit kort stykke frå kysten til næraste fjelltopp, eller frå dal til dal. Dei dinariske Alpane går langs kysten av Adriahavet og nordover langs grensa mellom Kroatia og Bosnia-Hercegovina. Lågtrykk i Middelhavet pøser mild og fuktig luft inn mot denne fjellkjeda om vinteren, og vestsida er eit av dei våtaste områda i Europa. Enkelte stader langs vestsida av Dei dinariske Alpane kan få 4 000 mm nedbør i løpet av eit år. Dubrovnik på kysten av Kroatia har ein nedbørsnormal på 1 298 mm i året, medan dei indre områda har i underkant av 1 000 mm. Området har derimot fleire periodar med finvêr innimellom enn det t.d. Vestlandet i Noreg har. Den kalde boravinden kan derimot gje ein god del vind i området. Det byrjar å bli varmare på kysten om våren, men det vert ikkje særleg tørrare før i juni. Midtsomars er det stort sett berre sol, og dei indre områda kan få svært høge temperaturar. Ein lett nordleg bris (kalla maestro) kjøler derimot ned kystområda. Ein har torevêr om lag ein gong i veka fram til oktober, då regnet byrjar å ta seg kraftig opp att.

Dei lågareliggande områda i nord har eit klima som er meir likt Sentral-Europa. Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C, eller kald luft (kalla kosavavind) frå Karpatane kan strøyme sørover. Fjella i vest vernar desse områda frå den kjøligare havlufta, så temperaturane om sommaren kan bli svært høge.

Topografisk kart

Areal, landegrenser og kystlinje[endre | endre wikiteksten]

Arealet til Kroatia består av 56 594 km² landareal og 31 067 km² havområde. 53 % av landarealet er lågland under 200 moh., medan 4 % ligg over 1 000 moh. Høgastliggande busetjing er Begovo Razdolje (1 060 moh.), med 48 innbyggjarar i 2001.

Kystlinja er 5 835 km lang, der 1 777 km langs fastlandet og 4 058 km langs øyane.

Samla lengd av landegrensene er 2 028 km, der Slovenia utgjer 501 km, Serbia (Vojvodina) 241 km, Bosnia-Hercegovina 932 km og Montenegro 25 km.

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

  • Nordlegaste punkt: Žabnik, Općina Sveti Martin na Muri (som ligg i Međimurska županija) - 46°33′N 16°22′E
  • Sørlegaste punkt: Otok Galijula (som er ei lita øy i Palagruški otoci), Grad Komiža (som ligg i Splitsko-dalmatinska županija) - 42°23′N 16°21′E. På fastlandet: Rt Oštra (i Općina Cavtat) - 42°24′N 18°32′E
  • Austlegaste punkt: Rađevac (som er ein del av Ilok), Grad Ilok (som ligg i Vukovarsko-srijemska županija) - 45°12′N 19°27′E
  • Vestlegaste punkt: Rt Lako, Bašanija, Grad Umag (som ligg i Istarska županija) - 45°29′N 13°30′E. På kart i liten målestokk er informasjonen konsolidert, slik at det vestlegaste punktet ofte vert oppgitt å vera Savudrija Point ved busetjinga Savudrija.
  • Lågaste punkt: Adriahavet 0 m
  • Høgaste punkt: Dinara 1 830 m

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Det er til saman 1 246 øyer, holmar og skjer. 47 av øyane er busette (med til saman 121 606 innbyggjarar etter folketeljinga i 2001). Det er 651 ikkje-busette øyar og 467 holmar og skjer. Dei største øyane i Kroatia er Krk (410 km²), Cres (404 km²), Brač (396 km²), Hvar (298 km²), Pag (287 km²) og Korčula (273 km²)

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Dei lengste elvene i landet er Sava, som renn 562 km gjennom Kroatia (total lengd er 947 km), Drava 505 km (total lengd 707 km), Mura 438 km, Kupa 296 km og Donau (kroatisk Dunav) som renn 188 km gjennom Kroatia (elva si totale lengd er 2 857 km). Una er ei grenseelv mellom Bosnia-Herzegovina og Kroatia. Ho vart kalla «den første» av romarane som kom til dette området.

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Dei to største innsjøane er Vransko jezero (30,7 km²) og Dubravsko jezero (17,1 km²)

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Dei høgaste toppane er

Naturressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: Petroleum, noko kol, bauksitt, jernmalm, kalsium, naturleg asfalt, kisel, glimmer, leire, salt, vasskraft

Arealbruk:
dyrkande jord: 23,55 %
permanente avlingar: 2,24 %
anna: 74, 21 % (1998 est.)

Irrigert land: 30 km² (1998 est.)

Naturfarar: Øydeleggjande jordskjelv

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblem: Luftforureining (frå metallurgiske fabrikkar) og sur nedbør dette fører med seg øydelegg skogar. Kystforureining av industri og hushaldingsavfall. Under striden 1992-1995 vart det lagt ut landminer i Kroatia. Mange har vorte fjerna, og dei siste åra har berre få folk vorte skada eller drepen.

Miljøvernsavtalar:
delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, UNFCCC klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, havrett, dumping i havet, forbod mot atomprøvesprengingar, verm av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde
signert, men ikkje stadfesta: Kyoto-avtalen