Krokek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°40′13.843″N 16°22′8.1912″E Krokek er ein tettstad i Norrköpings kommun i Östergötlands län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 4 154 innbyggjarar og eit areal på 4,23 km².[1]

Bynamnet stammer frå den krokete eika som tidlegare var grensemerke mellom Östergötland og Södermanland. Busetnaden på staden består hovudsakleg av villaer og rekkehus, men òg ein del leilighetier. Vitjande til Kolmårdens djurpark passerer gjennom Krokek.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Krokek har ein nybygd (ferdig 2005) stasjon på Södra stambanan. Stasjonen blir kalla «Kolmården» av SJ. Det er òg godt utbygd busstrafikk mellom Krokek og Norrköping. Europaveg 4 passerer like vest for tettstaden.

Kjende personar frå Krokek[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- och arealfakta från SCB, oppdatert 11. Mars 2008