Krokodille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krokodillar


Spisskrokodille. Foto: Tomás Castelazo
Spisskrokodille.
Foto: Tomás Castelazo

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Reptilia
Orden: Crocodilia
Familie: Crocodylidae

Krokodillar er ein krypdyrfamilie som består av 14 ulike artar som lever i vatn i tropiske strøk. Alle artane er kjøtetarar, og fleire av dei er òg særs farlege for menneske.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Krokodillar er grøne, gule eller svarte krypdyr med karakteristisk langstrakt, flattrykt kropp og snute. Augo og nasebora sit øvst på det avlange hovudet som ei tilpassing til livet i vatnet. Kjevane er store og sterke med kjegleforma tenner som jamt vert bytte ut.

Dei har fem tær med delvis symjehud på framføtene og fire på bakføtene. Halen er lang, kraftig og samanpressa frå sida, og vert brukt til å symja med. Ryggen er dekt med hornskjold, i tillegg til beinplater i lêrhuda.

Hjernen er særs avansert til krypdyr å vera. Hjarta er i motsetnad til andre nolevande reptil delt i to framkammer og to hjartekammer. Dette draget deler dei med fuglane og pattedyra, så vel som med varanøglene og dei utdøydde dinosaurane.

Utbreiing av dei ulike krokodilleartane.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ymse krokodilleartar finst på dei fleste fuktige stadene i tropane. Vanlegast er dei i Afrika, men dei er heller ikkje uvanlege i Søraust-Asia, Australia og Mellom-Amerika. Dei fleste artane heldt til i sumpar, innsjøar og mangroveskogar, men ein finn dei òg i stille elvar og i visse høve langt ute på havet.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Saltvasskrokodillen er den største krokodillearten med sin opptil 8 m lange kropp

Krokodillar er jegerar som hovudsakleg jaktar frå vatn. Somme artar (m.a. panserkrokodillen Crocodylus cataphractus) et mest berre fisk, medan større artar (som nilkrokodillen Crocodylus niloticus) føretrekkjer store pattedyr. Føda varierer òg med alderen; dei heilt yngste et mykje insekt, froskar og småfisk.

Krokodillar er utforma for å vera godt kamuflerte. Dei sym sakte og godt kamuflerte, og fangar ofte dyr som kjem til vatnet for å drikka. Kjevane er særs sterke, og vert som regel brukte til å halda fast byttedyret og trekkja det under vatn. Dei er derimot ikkje spesielt gode til å tyggja og dela opp kjøtet med.

Krokodillar har indre befrukting og legg egg. Mora vaktar over egga og avkomet den fyrste tida, men missar snart interessa.

Krokodillar og menneske[endre | endre wikiteksten]

Alle krokodilleartane vert rekna som truga av utrydjing. Menneska jaktar på dei for skinnet, som vert nytta i lêr. No om dagen stammar mesteparten av krokodilleskinnet i vesker og skor frå alligator- og krokodillefarmar. Dette inneber på ingen måte at krokodillane er berga, av di mange av desse farmane får egga sine frå ville dyr og såleis er med på å minka bestanden endå meir.

Somme krokodilleartar, særleg nilkrokodille og saltvasskrokodille (Crocodylus porosus), er farlege for menneske. Engelsk wikipedia hevdar at krokodilla er det dyret som drep flest menneske på verdsbasis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]