Krokodillevaktar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krokodillevaktar

Status i verda: LC Livskraftig

Frå Kaur Wetlands, GambiaFoto: Steve Garvie
Frå Kaur Wetlands, Gambia
Foto: Steve Garvie

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Pluvianidae
Slekt: Pluvianus
Art: P. aegyptius
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Pluvianus aegyptius

Krokodillevaktar (Pluvianus aegyptius) er ein liten vadefugl i Afrika, den einaste medlemmen av slekta Pluvianus. Slekta var tidlegare plassert i brakksvalefamilien, Glareolidae, men er no rekna som einaste medlemmen i sin eigen monotypiske familie Pluvianidae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjørdrakta til krokodillevaktaren har sermerkte teikningar. Dei 19-21 cm lange vaksne individa har ei svart krone, svart augemaske og brystband som endar ut i ein svart kileforma strek nedover ryggen. Resten av hovudet er kvit: ei forlenga augestripe rundt hovudet og kvitt strupeområde. Oversida er blågrå, og undersida er oransje. Dei langstrekte beina er blågråe.

I flukta er desse fuglane endå meir spektakulære, med svart krone og rygg i kontrast til grå overside av vengene. Handsvingfjører og armsvingfjører er kvite med svart vengband i kontrast, vengkanten har òg ein smal svart kant. Også vengknoken er svart. Stjertfjørene er gråblå med eit smalt svart band mot eit breitt, kvitt endeband. Nedanfrå er den flygande fuglen heilt lys, bortsett frå den oransje buken og dei svarte vengebanda som har liknande mønster på undersida som over. Når fuglane har landa etter flyging vil parmedlemmar helse kvarandre ved å heve vengene sine i ein forseggjord seremoni som viser fram dei svarte og kvite teikningane. Kjønna er like, men ungfuglar er mattare og dei svarte markeringane er blanda med brunt.

Krokodillevaktaren har utbreiing i tropisk Afrika sør for Sahara. Han hekkar på sandbankar ved svært store elvar. Dei legg to eller tre egg. Egga blir ikkje ruga på, men gravne ned i varm sand, idet temperaturkontroll oppnåast ved at foreldra sit på egga med fukta buk for å kjøle dei. Når den vaksne forlèt reiret, jamnar han det sanda over egga.

Ungane er tidleg utvikla, og kan springe så snart dei er ute av egget og finne føde sjølv kort tid etterpå. Dei vaksne kjøler ned ungane på same måte som med egga. Ungane kan drikke vatn frå bukfjører til foreldra. Dei vaksne kan grave ned ungane i sanda om farar trugar.

Dette vanlegvis ein svært tam fugl som lever i par eller små grupper i nærleiken av vatn. Fuglen er ein insektetar. Lætet er ein høgfrekvent krrr-krrr-krrr.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av myten om at krokodillevaktarar beitar mellom krokodillekjevar. Teikning av Henry Scherren, Popular Natural History, 1909

Det norske trivialnamnet krokodillevaktar, med samsvarande namn på mange andre europeiske språk, viser til den anekdotiske forteljinga om ein symbiotisk relasjon med krokodiller. Historia stammar frå så langt tilbake som til Herodotos, og fortel om korleis krokodiller som ligg på elvebredda med open kjeft let fuglane ete kjøttrestar på krokodilletennene utan at krokodillene tar fuglane. Åtferda har aldri blitt stadfesta, og historia er i dag rekna som ein factoid[1] eller allegorisk fiksjon.[2]

Det vitskaplege slektsnamnet Pluvianus liknar namnet på loslekta Pluvialis ( Brisson, 1760 ), som inkluderer heilo og tundralo, og som òg har ei kontrastrik fjørdrakt med mykje svart. Namnet stammar frå det latinske 'pluviale' og tyder regnfrakk.

Arten har status som livskraftig (LC), og bestanden er estimert å ligge ein stad i området 15 000-57 000 hekkande individ (2013), og er minkande.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Richford & Mead 2003
  2. Adam Britton (2009-09-06). «Croc Blog: Crocodile myths #1 - the curious trochilus». Crocodilian.blogspot.com. http://crocodilian.blogspot.com/2009/09/crocodile-myths-1-curious-trochilus.html. Henta 15. desember 2013. 
  3. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krokodillevaktar