Krokoms kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krokoms kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Jämtlands län
Landskap Jämtland
Del av Jämtland, Q61666685, Q61666672
Centralort Krokom
Areal 6 857 km²
 - land 6 218 km²
 - vatn 639 km²
Folketal 14 324
Folketettleik 2 / km²
Kart
Krokoms kommun
63°19′0″ N 14°30′0″ E
Wikimedia Commons: Krokom Municipality
Nettstad: www.krokom.se

Krokoms kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar til X. Noreg: Lierne. Administrasjonssenteret i kommunen er Krokom, som ligg ved jernbana TrondheimÖstersund. Staden er fyrst og fremst ein handels- og servicestad.

I nordvest, mot grensa til Noreg, finn ein fleire fjellparti, som Hotagsfjällen, Offerdalsfjällen og Oldfjällen. Sør og aust for dette ligg det eit skogvakse forland med innsjøar og myrar. Slettelandet i aust har ein rik flora. Krokom er ein jord- og skogbrukskommune, og skog- og verkstadindustri er viktige næringar.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft i 1863 vart desse landskommunane innlemma i sokna i området: Alsen, Aspås, Föllinge, Näskott, Offerdal, Rödön og Ås. Frå ein av dei, Föllinge, vart Laxsjö utskild i 1889 og Hotagen i 1901.

Ved kommunereforma i 1952 gjekk Föllinge og Laxsjö saman att, samtidig som Rödön vart slegen saman med Aspås, Näskott og Ås. I 1969 gjekk også Hotagen saman med Föllinge igjen.

I 1974 vart Krokoms kommun oppretta gjennom samanslåing av Alsen, Föllinge, Offerdal og Rödön. Krokom, som var den tettstaden som skulle verte administrasjonssenter i den nye kommunen, gav også namn til han.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På sølvfarga bakgrunn, to blå straumar i opp-ned sparreform nedst, og øvst ein raud vêr i helleristingsstil.[1]

Det noverande våpenet er laga av kunstnaren Gunnar Rudin, og vart registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1977. Han fekk oppdraget av kommunen, og framlegget hans er basert på helleristingar i Glösabäcken. Det opphavlege framlegget inneheldt også ein solkross, men det vart teke vekk då ein i samarbeid med Riksarkivet tilpassa framlegget til Rudin til formkrava i heraldikken.[2] Trass i det kan ein hevde at det ikkje er i samsvar med grunnidéane i heraldikken å allereie i blasoneringa fastslå kva for stil eit våpen skal teiknast i.

Av dei tidlegare kommunane som vart slegne saman då den noverande kommunen vart oppretta i 1974, var det berre Offerdal som hadde våpen. Det hadde vorte fastsett av Kongen 10. januar 1957 med blasoneringa: Eit delt skjold med eit blått elggevir på sølvfarga bakgrunn øvst, og ein sølvfarga spent boge som er vend oppover, på blåfarga bakgrunn nedst. Våpenet var ei heraldisk stilisering av motivet i seglet til eit tingslag på 1600-talet.[2] Motiva, elggeviret og bogen med pila, symboliserer at jakta har vore viktig for bygda.[3] Det vart ugyldig i samband med at den tidlegare landskommunen vart innlemma i Krokoms kommun.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er elleve tettstader i Krokoms kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Krokom 2 087
2. Ås 1 097
3. Nälden 881
4. Föllinge 509
5. Dvärsätt 437
5. Östersund 437*
7. Änge 387
8. Aspås 352
9. Trångsviken 269
10. Vaplan 259
11. Ytterån 203

* Den vesle delen av Östersund som ligg i Krokoms kommun.

Folk frå Krokom[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I fält av silver en av vågskuror bildad dubbel blå sparre, sänkt och störtad, däröver en röd gumse i hällristningsmanér».
  2. 2,0 2,1 Clara Nevéus og Bror Jacques de Wærn: Ny svensk vapenbok (Stockholm: Streiffert, 1992), s. 92.
  3. Svenska Heraldiska Föreningens vapendatabas.
  4. Sveriges befolkning 1990: Björk, Nina Karolina