Kromatisk i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kromatisk aberrasjon

Kromatisk i optikk er ein eigenskap når eit bilete blir danna ved hjelp av ei linse med fargespreiing. Biletet av ein flamme får ei blå eller raud rand, fordi brennvidda til linsa og forstørringa er ulike for dei ulike fargane. Denne kromatiske feilen, kalla kromatisk avvik eller kromatisk aberrasjon, kan opphevast ved å kitte saman ei samlelinse og ei spreielinse av ulike glassortar og med brennvidder valt slik at fargespreiinga i dei to linsene opphevar kvarandre, medan brytinga ikkje blir oppheva. Ei slik linse blir kalla akromatisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

kromatisk – fysikk. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kromatisk/fysikk