Kronologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kronologi (frå gresk: χρόνος khrόnos, «tid» og λόγος logos, «fornuft» eller «lære») vil seia tidsrekkefølgje. Kronologi er også den vitskaplege læra om å rangera hendingar etter når dei fann stad i tida. Døme på dette er bruken av tidslinjer, eller hendingsrekkefølgjer. Kronologi er også "å bestemma den faktiske tidssekvensen av hendingar i fortida."

Kronologi er ein del av periodisering. Det er også ein del av fagfeltet historie, inkludert jordas historie, geofag og studiet av den geologiske tidsskalaen.

Joseph Scaliger (1540–1609) vert rekna for banebrytande i sitt arbeid når det gjeld moderne kronologi. Hans verk De emendatione temporum (1583) tok for seg mange spørsmål i samband med oldtidskronologi.

Relaterte fagfelt[endre | endre wikiteksten]

Kronologi er vitskapen som tidfestar historiske hendingar. Ein føresetnad for kronologi er kronometri, også kjent som tidsmåling, og historiografi som undersøkjer historieskriving og bruk av historiske metodar. Karbondatering utreknar alderen på levande skapningar frå fortida ved å måla proporsjonen av karbon-14-isotopen i karboninnhaldet deira. Dendrokronologi, eller årringsdatering, reknar ut alderen på tre ut frå korrelasjon av dei ulike årringane i veden til dei kjende årlege referansesekvensane i regionen som gjenspeglar årleg klimatisk variasjon. Dendrokronologi blir i sin tur brukt som kalibreringsreferanse for karbondatering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.