Kroppsarbeidar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvinne lagar maskindeler i ein flyfabrikk i Texas 1942

Ein kroppsarbeidar er ein arbeidstakar som utfører manuelt eller teknisk arbeid. Kroppsarbeidarane vert ofte sortert i landarbeidarar, som utfører arbeid i primærnæringane, og industriarbeidarar, som utfører arbeid i sekundærnæringane.

Kroppsarbeidaren har vore halden fram som ein typisk representant for arbeidarklassen. I moderne samfunnsfagleg analyse er det ofte vanskelegare å trekke skarpe skiljeliner mellom kroppsarbeidarar og funksjonærar.