Kroppsleg avstraffing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit fengsel i USA frå om lag år 1907. Nedst i biletet er synt ein fange som vert straffa med slag, og på ei plattform over han er to fangar sett i gapestokken.

Kroppsleg avstraffing eller korporleg avstraffing er straffemetodar som er retta mot lekamen til den som skal straffast, fyrst og fremst for å pine eller drepe vedkomande, og dessutan ofte for å utsetje vedkomande for offentleg spott og vanære ved å la avstraffinga gå føre seg framfor eit publikum på ein offentleg stad.

Døme på kroppsleg avstraffing er rising, pisking, plassering av vedkomande i gapestokk på offentleg stad, kakstryking, avhogging av lekamsdelar som hender, armar, føtar og bein, og dødsstraffar som vert gjennomført på meir eller mindre langsam og pinefull måte: Steining, henging, halshogging, innesperring i gasskammer osb.

Kroppsleg avstraffing har vore ein særs vanleg straffemåte opp gjennom historia, både som lekk i den offentlege retthandhevinga, og som åtgjerd i privat regi mot ulydnad og normbrot. Soleis har kroppsleg avstraffing særleg vore, og er framleis, ein lovleg eller tradisjonell straffemetode i private samanhengar mange stadar i verda når det gjeld born. Foreldre og andre føresette, til dømes skulelærarar, kunne rise born dei har ansvar for, eller straffe dei på andre meir eller mindre brutale måtar. Det finst òg framleis fleire land kvar mannen i familien har høve til straffe hustrua si meir eller mindre valdeleg, og at husfolket har høve til å straffe tenarane på liknande vis.

I dei fleste lands lover eller tradisjonelt fastsette føresegner om sjøfarten var det tidlegare vanleg å gje skipskapteinar høve til å straffe mannskapet på kroppen ved piskeslag eller på annan måte, og straffe dei med døden dersom dei gjorde mytteri.

Som statleg straffemetode er kroppsleg avstraffing avskaffa i mange land og erstatta med innesperring i fengsel eller andre former for fridomsinnskrenkingar, og for mindre alvorlege lovbrot med ulike former for økonomiske straffar (bøter) eller samfunnsteneste. Men ei rekkje land gjev framleis verdslege eller religiøse domstolar rett eller plikt til å døme lovbrytarar til kroppsleg straff. Dødsstraff ved til dømes steining, henging, skyting, halshogging, avretting ved hjelp av gift osb. vert soleis nytta i fleire land. Mellom anna vert det nytta dødsstraff ved henging, halshogging eller skyting i folkerike land som Iran, Saudi-Arabia og Kina, og i USA er det likeeins delstatar som framleis praktiserer dødsstraff.