Krossfjorden på Spitsbergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lilliehöökfjorden inst i Krossfjorden. Foto: Jerzy Strzelecki

Krossfjorden er ein 28 km (medrekna dei inste armane) lang fjord på vestkysten av SpitsbergenSvalbard. Han har felles munning med Kongsfjorden. Munningen til Krossfjorden blir rekna frå Kapp Mitra til Kapp Guissez. Om lag 15 km inn i fjorden blir han delt i to på langs av Kong Haakons halvøy, eit 700 m høgt fjellmassiv som er ca 2 km breitt og 11 km langt. Den vestlege armen av fjorden blir kalla Lilliehöökfjorden, på austsida går det fire små fjordarmar ut, under namnet Møllerfjorden. Krossfjorden er mykje vitja av turistskip.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
  • Store Norske Leksikon: Krossfjorden

Koordinatar: 79°09′35″N 11°45′33″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.