Glechoma hederacea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Krossknapp)
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Glechoma hederacea


Glechoma hederacea
Glechoma hederacea

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Lamiaceae
Slekt: Glechoma
Art: G. hederacea
Vitskapleg namn
Glechoma hederacea

Krossknapp eller Korsknapp (Glechoma hederacea) er ei eviggrøn blomsterplante i slekta Glechoma i leppeblomstfamilien. Plata har ein krypande til oppstigande vekst. Stengelen er firkanta og håra. Blada har lange stilkar og er nyreforma eller breidt eggforma med rundtakka rand. Oversida er mattgrøn, medan undersida er lysegrøn. Begge sider har stive hår. Korsknappen blomstrar i april-juni. Dei blåfiolette blomstane sit parvis i bladhjørna og er uregemessige med to hovudlepper. Frukten er kapslar med nokre frø i kvar kapsel.

Planta er 5-20 cm høg, men stengelen kan krype opptil 60 cm. Den formerer seg og spreier seg raskt og blir sett på av mange som ein invasiv art i tillegg til å vere eit ugras.

Planta er svakt giftig og var tidlegare mykje nytta som feber- og sårmiddel. Europeiske utvandrarar tok henne derfor med til USA.

Krossknapp foretrekker fuktig jordsmonn i mellom anna buskas, kulturmark eller lauvskog. Den veks nord til Finnmark, men er sjeldan i innlandet og i Nord-Noreg. Den veks elles i store delar av Europa og Asia, og er innført til Nord-Amerika.

Planta vert nytta som staude i hagar, men er innvaderande og blir av mange sett på som eit ugras.

Variantar[endre]

Den tidlege, meir djup blå varianten blir ofte kalla vårkrossknapp, og er mindre enn krossknapp.

  • Glechoma hederacea subsp. glabriuscula (Neilr.) Gams
  • Glechoma hederacea var. micrantha (Rchb.) Nyman
  • Glechoma hederacea var. micrantha P.Fourn.