Krossmesse om hausten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krossmesse om hausten, latin exaltatio crucis, er ein merkjedag 14. september. Primstavteiknet er ein stor kross.
Opphavleg var dagen feira til minne om at Jesu kross i år 629 vart vunnen attende frå persarane og attreist på Golgata. I norsk tradisjon var krossmesse lenge nytta i folkeleg tidsrekning. Til denne dagen skulle haustonna vere ferdig, feet skulle vere tekne heim frå setra, gjerde kunne takast ned og grindar kunne opnast.