Krossvandring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Økumenisk krossvandring til Helier-øya på Jersey.
Katolsk krossvandring i Kroatia.
Gammaltruande ortodokse i krossprosesjon i Moskva.

Krossvandring er ei handling der kristne går eit visst stykke berande på ein eller fleire krossar. Handlinga blir gjerne kombinert med gudsteneste eller liknande. Mange krossvandringar er økumeniske arrangement skipa av fleire ulike kyrkjer og organisasjonar. Andre kan vera særskilde for ei enkeltkyrkje, som den katolske krossvegsandakta med 14 faste stasjonar, eller ein ortodoks krossprosesjon der ein kyrkjelyd følgjer ein kross og andre symbol borne av geistlege. Det er vanleg å halda krossvandringar i samband med påsken, men dei kan også finna stad til andre tider.

Vandringa kan gå rundt eit område, som ein by eller ei kyrkje, eller til ein særskild stad, som eit fjell, vatn eller ein valfartstad. På vegen kan ein stoppa og halda andakt, be, lesa bibeltekstar, synga salmar, framføra små spel og så bortetter. Det finst også døme på krossvandringar der ein ikkje ber krossar.[1]

Krossvandringa minnar om Jesus sin gang med krossen til krossfestinga. Krossvandringar blir særleg haldne i samband med påsken eller fastetida, særleg på langfredag. Mellom anna blir dei haldne på Via Dolorosa i Jerusalem, rekna som vegen til Golgata. Desse vandringane ender som regel i Gravkyrkja.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ekumenisk korsvandring[daud lenkje], helahalsingland.se