Krukke som musikkinstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein krukkespelar

Krukker av glas, steingods eller andre material nytta som musikkinstrument er kjend frå mange musikkkulturar. Mest kjent er instrumentet frå USA, der såkalla jug bands var populære i Sørstatane på 1920-talet.

Lyden vert danna ved at utøvaren formar ein tone med leppene og brukar krukka som resonanskammer. Tonen blir danna med ein ansats som er lik den som blir brukt på messingblåseinstrument, dvs at leppene pressast saman slik at det oppstår ein summetone. Utøvaren rører ikkje krukkeåpningen med leppene, men held krukka eit par centimeter frå opninga. Kor hardt leppene blir pressa saman, avgjer tonehøgda. Ein driven krukkespelar kan oppnå eit tonespenn på to oktavar. Spesielle effektar kan ein oppnå ved at ein legger røyst på luftstrøymen, som ein gjer på didgeridoo. Nokre utøvarar brukar òg sirkelpust.

USA[endre | endre wikiteksten]

Jug bands hadde stordomstida si særleg i Kentucky og Tennessee på 1920-talet. Jugs fungerte som eit bassinstrument i rytmeseksjonen i bandet, men det var òg vanleg å leggje inn soloparti. Nokre orkester kunne ha fleire enn éin jugspelar.

Gallonkrukker av steingods var det som vart hyppigast brukt, men ein kjenner òg til at det vart spelt på glas- eller plastballongar, parafinkanner o.a. Ulike krukkestorleikar og ulike material fører til ulik lyd.

Det har òg vore freista med elektrisk forsterkning av lyden. T.d. brukte det psykedeliske bandet 13th Floor Elevators «el-jug» på 1960-talet.

Frå nyare tid kan Fritz Richmond (1939-2005) nemnast som ein anerkjend jugspelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]