Krusfrø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krusfrø
Krusfrø
Krusfrø
Status
Status i Noreg: NT Nær truga[1]
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Slekt: Selinum
Art: Krusfrø S. carvifolia
Vitskapleg namn
Selinum carvifolia

Krusfrø (Selinum carvifolia) er ei fleirårig urt i skjermplantefamilien, som blir 30 til 100 cm høg. I Noreg veks planten på Søraustlandet frå Oslo-området sør til svenskegrensa og Sør-Telemark.[2] Han er knytt til fuktige beiteenger, ein landskapstype som er i tilbakegang. Han er difor rekna som nær truga i Noreg.[1]

Raudlistevurdering[endre | endre wikiteksten]

Ei lang rekke kjente førekomstar er forsvunne, og dei nye som er funne, er truleg gamle, tidlegare ikkje oppdaga førekomstar. Krusfrø har ein forholdsvis stor utbreiing i Europa og inn i Vest-Sibir, med tyngdepunkt på Mellom- og Aust-Europa. Dei norske førekomstane er ein del av nordgrensa.

Krusfrø blir vurdert som nær trua (NT) på grunn av ein populasjonsnedgang på over 15% i førre vurderingsperiode, basert på observasjonar og nedgang i førekomstareal og habitatkvalitet.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av krusfrø Selinum carvifolia for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Krusfrø
Spire Denne botanikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.