Krykkje
| Krykkje | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Laridae | |
| Slekt: | Rissa | |
| Art: | R. tridactyla | |
| Vitskapleg namn | ||
| Rissa tridactyla | ||
Krykkje (Rissa tridactyla) er ein fugl i måsefamilien. Krykkje vert ogso kalla for tretåmåse. Arten er rekna som sårbar i Noreg, og har vore freda sidan 2007.[2]
Innhaldsliste |
Kjenneteikn[endre]
Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er svarte, med symjeføter, men vantar baktå. Dei har svarte vengjespissar. Kjønna er like. Ungfugl har ei gråspragla fjørdrakt, men dei karakteristiske svarte vingespissane er der. Krykkja er om lag jamnstor med fiskemåsen, 350 gram og 40 cm lang.
Utbreiing[endre]
Krykkja finst frå Rogaland og nord til grensa mot Russland. Ho er knytta til sjøen og er eit sjeldan syn i innlandet.
Åtferd[endre]
Fuglen hekkar i koloniar i bratte fjellveggar (fuglefjell), ofte saman med alker og anna sjøfugl. Utanfor hekketida held krykkja seg berre til havs, der ho livnærer seg på små marine dyr og fisk.
Kjelder[endre]
- ↑ Rødlistedatabasten (Noreg=sterkt truga, Svalbard=nær truga (vitja 15. oktober 2011)
- ↑ Forbud mot jakt på krykkje og hettemåke i jeger.no
Bakgrunnsstoff[endre]