Krypfredlaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krypfredlaus


Lysimachia nummularia
Lysimachia nummularia

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ericales
Familie: Myrsinaceae
Slekt: Lysimachia
Art: L. nummularia
Vitskapleg namn
Lysimachia nummularia

Krypfredlaus (lat. Lysimachia nummularia) (bm krypfredløs) er ein art i fredlausslekta i fredlausfamilien. Arten sitt utbreiingsområde ligg i Europa. Planta vert kring 4 dm lang og har krypande stengel med runde snaue blad. Hjarteforma begerblad, 8 mm lange. Blomstrar kring juli månad i hagar, parkar og skog. Finst i Noreg nord til Trøndelag.

Invasiv art[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om planta veka naturleg i delar av Europa, så blir arten sett på som ein invasiv art i somme plassar der ho har blitt introdusert som hageplante. Den spreier seg aggressivt når tilhøva er gunstige slik som på fuktige stader og nær vatn. Den spreier seg lett i plen. Den kan lett fjernast ved å trekke den opp for hand.

Den er tilgjengeleg som hageplante både i Europa og Nord-Amerika. Den kan nyttast som dekkplante, men kan spreie seg lett og konkurrere ut andre plantar. Den lagar ein fint dekke på område der ein kan avgrense utbreiinga, med sine gule blomstrar.

Planta toler kulde godt og kan overleve med temperaturar ned til -40 grader C både i det meste av Europa og i Nord-Amerika.

Kultivar[endre | endre wikiteksten]

Kultivaren 'Aurea' (golden creeping Jenny) har gule blad og er litt mindre aggressive enn arten elles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krypfredlaus